Førre helg var det karate heile helga i Hyllestadhallen med deltakarar frå både Lavik Karateklubb og gjestar frå andre klubbar.

Slag, spark og moro i Hyllestad

Trening, sparring og sosialt samvær stod på agendaen i Hyllestadhallen i helga som var.


Førre helg arrangerte Lavik Karateklubb vårsamling i Hyllestadhallen for femte år på rad. Nok ein gong blei det ein stor suksess med stort utbytte for både utøvarar og instruktørar.

– Denne helga er noko vi har halde på med på femte året no, og det er alltid like kjekt å arrangere den. Vi er ein klubb som er medlem av ein organisasjon som ikkje har så mange klubbar rundt om her, så det er kjekt å få til noko lokalt i staden for å alltid måtte reise vekk, fortel leiar av Lavik Karateklubb, Tom Jakobsen.

Til vanleg plar klubben reise rundt i landet for å trene med andre klubbar. Denne helga hadde dei fått besøk av to instruktørar som har drive med karate på europeisk toppnivå, og invitert med seg andre på treninga.

– Vi prøver å skape engasjement rundt sporten og har invitert med oss klubbar frå rundt om i  heile Noreg for å bli med på denne helga. Vi har også fått med utøvarar frå Høyanger karateklubb, sjølv om dei driv med ein anna type karate enn oss. Denne helga har ekstra gode instruktørar på eit høgt internasjonalt nivå kome for å leie treningane, noko som gjer det ekstra gøy å vere med, seier Jakobsen.

Leiar av Lavik karateklubb, Tom Jakobsen (til høgre), fekk besøk av både andre klubbar og proffe instruktørar for ei helg med trening, læring og ikkje minst mykje moro. Kenneth Johnsen frå Gullfjell karateklubb, med instruktørane sensei Andor Széll og sensei Richard Larsen

Fokus på kamp og konkurranse

Treningane denne helga hadde fokus retta på kamp og konkurranse, med håp om å trygge deltakarane i ulike situasjonar.

– Konkurranse er ein stor del av sporten, og er noko vi ikkje får trena så mykje på, så å få ei heil helg med fokus på dette er veldig bra. Det er skjeldan vi berre trener kamp, og med gode instruktørar er dette blitt veldig proft, fortel Jakobsen.

Målet med helga, fortel han vidare, er at utøvarane skal bli glade i konkurranseforma i karate, og søke og delta på stemne rundt om kring. Det er også mogleg å delta på NM og EM i sporten, fortel han.

– Vi starta fredag og laurdag med trening på teknikk, før det vart eit kurs om hjarte- lungeredning. Søndag skal vi gå over til å trene i ein reell konkurransesituasjon der vi sparrar mot kvarandre. På kveldane har vi sosial samvær med quiz, mat og overnatting.

Ein av dei eldste deltakarane i helga var Erlend Yndestad. Han fortel av å trene styre og uthaldenheit er noko av det viktigaste han tek med seg frå helga.

Mor og dotter. Heidi (til venstre) og Ea Helle Lindenskov meiner karate er ein sport for heile familien. Dei håpar at enda fleire vil bli med i klubben.

God respons frå deltakarane

I hallen i Hyllestad var både unge og vaksne i gang med trening da Ytre Sogn kom på besøk laurdag. Responsen var god i frå alle aldersgrupper.

– Eg er nok den eldste som er med, og har drive med karate i fire år no. Eg synest det er ein fantastisk sport å helde på med og det viktigaste for meg er å trene styre, uthaldenheit og teknikk. Det krev litt av ein mann på 61 år, men det er utruleg godt å halde på med, fortel Erlend Yndestad, som var med i helga.

Yndestad har vore med på liknande helger før, og seier at dei berre blir betre og betre.

– Instruktørane som er med i dag har vore her før så dei får byggje på det dei har starta med tidlegare, så øktene blir berre betre og betre. Vi er den klubben som ligg lengst nord i organisasjonen vi er med i, så vi er vant til å reise for å vere med på slike arrangement. Da er det utruleg kjekt å sjå andre klubbar kome og vere med oss. Eg håpar berre at enda fleire vil vere med, både frå andre klubbar og nye her lokalt, fortel han vidare.

 Karate har vist seg å bli ein familieaktivitet for fleire, og for Heidi Helle Lindenskov og dottera Ea Helle Lindenskov har helga vore super.

– Eg har vore med i halvanna år no, og det er første gong er med på ei slik helg i Hyllestad. Ein får heilt andre inntrykk og treningsmåtar enn på vanleg trening. Det er veldig kjekt å møte att dei same folka og ha dette samhaldet i sporten. I Lavik er det ein del damer over 40 som har byrja på karate, og eg trur mange av oss har møtt på dei same utfordingane, så det er fint å trene med likesinna, ler Heidi.

Begge synest treninga har vore godt tilpassa for alle aldersgruppe og graderingar.

– Det har gjort det enklare å lære, er dei einige om.

– I morgon skal vi prøve å sparre, og det er det nok ein av oss som er litt meir gira på enn den andre, seier Heidi medan Ea smilar og nikkar lurt.

– Eg synest det sosiale er veldig kjekt med desse helgene. Eg har vore med i litt over eit år no, og det er alltid kjekt å ha trening, der vi også er med kvarandre på kveldane og finner på noko gøy, fortel Ea.

Søndagen gjekk til å trene sparring med kvarandre. – Det er viktig å ufarleggjere kampsituasjonar, er instruktørane einige om.

Sensei Richard Larsen (til venstre) og Andor Széll var med på å gjere helga både travel og aktiv. Begge har vore i Europatoppen i karate.

Instruktørar på høgt nivå

Karateklubben hadde fått med seg to instruktørar som begge har drive med sporten på toppnivå i Europa.

– Det er ein lang køyretur, men alltid veldig koseleg å kome hit. Vi blir alltid godt motteke og det er kjekt å få kome hit og undervise i det eg kan, fortel ein av instruktørane, sensei Richard Larsen.

Larsen synest slike helger får fram mykje frå kvar individuell utøvar.

– Det er mange forskjellige menneske som er med denne helga, alt frå junior til senior, så det er veldig kjekt å sjå kvar individuell få til noko og utvikle seg. Karate er ein veldig utbreidd sport, så sjølv om ein er langt i frå heim så kjennes det forsett veldig nært.

Gjennom helga har sparring og taktikk vore fokus. Dett er for å ufarleggjere eit, for mange, skummelt fenomen i sporten.

– Målet med denne helga er å ufarleggjere sparring. Mange synets det er skummelt, og det skjønnar eg godt. Då er det viktig å ha gode teknikkar i botn og vite korleis ein sparrar riktig for å unngå skadar.

Saman med Larsen var sensei Andor Széll med på å trene opp både unge og eldre i korleis sparre riktig.

– Når du trenar med klubben din kan du få til kanskje to-tre treningsøkter i veka. På tre dagar har vi no fått inn ti treningsøkter, noko som er meir enn mange gjer på ein månad. Det er ein intens måte å lære på, men også veldig gøy både for deltakarane og instruktørane, fortel Széll.

Han fortel at å sparre ofte er utanfor komfortsona til fleire, og at ei slik helg skal vere med på å trygge deltakarane.

– Det er viktig at vi er trygge på kvarandre. Å sparre er vanskeleg både fysisk og psykisk. Derfor er det viktig at vi trenar så vi ikkje er redde, og ikkje skadar kvarandre. Vi håpar at deltakrane tek kjensla ein treng for å sparre med seg heim, og vidare i treninga si. Eg håpar at fleire vil bli med på konkurransar, for det er her ein verkeleg vil kjenne at ein utfordrar seg sjølv og grensene sine. Da er det viktig å ha godt arbeid, teknikk og trening i grunn.

Det siste både instruktørar og deltakarar vil dele frå helga var det same:

– Karate er verkeleg noko alle burde prøve ein gong i livet.

Før sparringa gjekk i gong var det gode treningsøkter der taktikk var i fokus.

Det var ikkje berre slag og spark det gjekk i i helga. Dei hadde også kurs i hjarte- lungeredning.