Vestland fylkeskommune har lagt ut oversikta over vegane som skal få ny asfalt dei kommande åra, men seier sjølv at det ikkje er nok. Fylkeskommunen har fått 120 millionar kroner til nytt dekke i 2025, men meiner dei treng 300 millionar for å oppretthalde dagens standard.
Dermed vil det bli nok eit år der etterslepet aukar.
– I tillegg må det løyvast midlar til nødvendig vegoppmerking. Dersom vi skal ta att etterslepet, som har auka dei siste åra, er det i løpet av ein periode behov for å løyve meir, seier prosjektleiar i Vestland fylkeskommune, Marius Råve.
Fire kontraktar, ein allereie delt ut
I løpet av dei to neste åra skal det leggast 40 kilometer ny asfalt i Sogn og Fjordane, og Veidekke har allereie fått ein to-årig kontrakt på 60 kilometer i heile Vestland.
Kontraktar på dei 40 kilometerane i Sogn og Fjordane blir lagt ut til anbod 2. april, og arbeidet skal starte opp 5. mai.
I tillegg er det også to kontraktar til i Vestland, ein for Sotra, Askøy, Bergen, Os, Austevoll og Nordhordland, som til saman får 39 kilometer ny asfalt, og ein på 28 kilometer for Voss, Hardanger og Sunnhordland, som blir lagt ut 4. april.
Av dei vegane Veidekke skal legge ny asfalt på, finn ein altså to strekker i Høyanger kommune. Lavikdalsvegen får 4,5 kilometer ny asfalt, medan Guddalsvegen skal få 6,2 kilometer ny asfalt.
I Hyllestad kjem det 3,3 kilometer ny asfalt i Birkelandsvegen i løpet av dei to neste åra.