Skyss tek hending på alvor

Ytre Sogn har tidlegare omtala korleis innbyggjarar på Høyanger sørside vart ståande igjen på kaien i Ortnevik etter at dei forheldt seg til ein SMS frå Norled via Skyss om at MS «Lysefjord» var 15 minutt forseinka, noko som viste seg å ikkje stemme.


Pressekontakt i Skyss, Vetle Nordgård Mikkelsen, seier at kollektivtrafikkselskapet har fått med seg hendinga, og tek den på alvor.

– Vi forstår godt frustrasjonen til dei reisande i denne saka. Sjølv om SMS-varslingstenesta er drifta av Norled, har Skyss ansvar for at dei reisande skal kunne orientere seg, også når det oppstår forseinkingar. Vi ser no på korleis vi kan få etablert betre handtering av situasjonar der ei forseinking oppstår, for så å bli henta inn igjen i løpet av turen. 

Nordgård Mikkelsen gjentek også tidlegare uttalar når det kjem til den manglande stabiliteten knytt til ruter som MS «Lysefjord» trafikkerer.

– Når det gjeld manglande stabilitet på sambandet arbeider Skyss og Norled for å få på plass løysingar som sikrar eit føreseieleg tilbod for brukarane.

Heller ikkje i dag har alt gått problemfritt for seg for MS «Lysefjord» (Skjermbilde: Vegvesen trafikk)