MS «Lysefjord» har hatt store problem med å halde rutetidene sine etter at båten byrja å trafikkere samband i Høyanger kommune 1. mai. No blir det også langt dyrare for passasjerar å ta båten, når den først dukkar opp.

Fire- og femdoblar prisar på MS «Lysefjord»

Tysdag 1. oktober set Skyss eit nytt prisregime i kraft. Det fører til eit massivt prishopp på rutene til MS «Lysefjord».


Smak litt på priseksempela under her henta frå Skyss sitt nye prisregime som blir innført 1. oktober.

• Enkeltbillett vaksen frå Ortnevik til Høyanger: Frå 24 kroner til 94 kroner (firedobling).

• Enkeltbillett barn frå Ortnevik til Høyanger: Frå 12 kroner til 47 kroner (firedobling).

Enkeltbillett vaksen frå Nordeide til Vik: Frå 37 kroner til 188 kroner (femdobling).

Bakgrunnen for endringa er eit vedtak i fylkestinget om å gjere prisane for reiser med båt lik på like lange avstandar i Vestland, og dermed prisinga meir rettferdig. Om ein skal reise inntil 15 kilometer frå tysdag av i Vestland vil båtturen koste 47 kroner. Om du skal reise lenger betalar du alt etter kor lang reisa er.

For reisande med MS «Lysefjord» gir denne reguleringa eit uheldig utslag, noko som er heilt i tråd med ordninga, ifølge pressekontakt Vetle Nordgård Mikkelsen i Skyss.

– Vi forstår at ein slik prisauke skaper reaksjonar. Sambandet mellom Nordeide, Ortnevik og Vik har over lenger tid hatt prisar som er i ei særstilling i fylket, men no skal sambandet prisast etter same prinsipp som samband i resten av fylket. Det er dette vi meiner når vi seier at endringa i prissystemet er rettferdig.

Før og no. Til venstre er Skyss sine gjeldande prisar for ein vaksen som reiser med ruta Ortnevik - Måren - Nordeide - Høyanger, medan tabellen til høgre viser dei nye prisane. (Skjermbilde: skyss.no)

Lurer på kor det har klikka

I 2022 vedtok Stortinget ei ordning med gratis ferjer og reduserte takstar som Vestland var med på å innføre, og i 2023 vart ordninga også utvida. Men for rutene mellom Høyanger, Ortnevik og Vik vart situasjonen komplisert da MF «Tansøy», som trafikkerte desse rutene den gongen, er ein bilførande hurtigbåt og ikkje ei ferje, noko som og gjeld for MS «Lysefjord». 

Etter litt politisk handverk med Arbeidarpartiet i spissen enda ein opp med halverte billettprisar for passasjerar på desse sambanda, men no berre eit par år etter er det lite samsvar mellom dei politiske ambisjonane og kva som blir praksis i Vestland. I alle fall for reisande med «Lysefjord».

Det får lokallagsleiar Jonas Haugsbø i Senterpartiet, som har markert seg som ein forkjempar for rimelege kollektivtilbod i distrikta, til å reagere.

– Ein begynner jo å lure på kor det har klikka, for ei slik endring er jo stikk i strid med det som har vore den politiske målsettinga dei siste åra. Vi meiner at desse rutene også burde vere gratis, og oppfyller kriteria om færre enn 100 000 passasjerar årleg og trafikkering av samband til veglause samfunn. At teknikalitetar rundt ferjedefinisjonen hindrar at våre lokale båtreisande får ta del i gratisordninga meiner vi er feil, og når vi i staden heller får ein slik ekstrem prisvekst er det noko vi reagerer sterkt på.

Haugsbø stiller også spørsmålsteikn ved kvifor blant anna båtrutene i Florabassenget er unnateke det nye prisregimet og ikkje får endring i prisane, båtruter som har mykje til felles med dei som «Lysefjord» trafikkerer.

Lokallagsleiar Jonas Haugsbø i Senterpartiet er oppgitt over korleis politiske ambisjonar om gratis og sterkt rabatterte kollektivprisar i distrikta no blir sett til sides i Høyanger.

Varsla oppover i systemet

Da Ytre Sogn gjorde Senterpartiet sine lokalpolitikarar kjent med situasjonen før helga tok dei umiddelbart kontakt med både fylkesordførar Jon Askeland (Sp) og utvalsleiar Arve Helle (Ap) i hovudutval for samferdsel og mobilitet i Vestland fylkeskommune.

– Vi stiller no spørsmål ved dette i våre nettverk for å nøste opp i kva som har skjedd, og få meir innsikt i situasjonen. Vi meiner og at Arbeidarpartiet som det største partiet i den såkalla regnbogealliansen vår i fylkestinget, og som har profilert seg i saka om gratis ferjer, også bør engasjere seg i denne saka.

Haugsbø trur at ei slik prisjustering slår ekstra uheldig ut for ein kommune som Høyanger, som er delt på midten av Sognefjorden.

– Det er klart at når billettprisane blir både fire- og femdobla så gjer det noko med økonomien til dei som reiser mykje med båten, og det kan ha innverknad på om ein i det heile tek seg råd til å reise.