Dei tradisjonsrike karrieremessene i Grieghallen i Bergen har blitt noko mindre dei siste åra, men standane til Høyangeraktørane fekk også i år besøk av mange nysgjerrige unge som lurer på jobbmoglegheitene i kommunen. (Foto: HNU)

Færre på stand på karrieremesse, men suksess like fullt

Det var ingen bedrifter frå Høyanger med stand på Framtidsfylket si karrieremesse i Bergen i år, men dei lokale aktørar som valde å ta turen til vestlandshovudstaden var godt nøgde med messa.


Det var Høyanger kommune, Høyanger vidaregåande skule, Høyanger Næringsutvikling (HNU) og Studiesenter Kysten som representerte Høyanger på karrieremessa tysdag, og dei kunne dagen derpå oppsummere messa som ein suksess. Og det sjølv om dei gjerne hadde sett at det hadde blitt med fleire bedrifter frå heimkommunen.

– Det er nok ein trend i tida at færre reiser på slike messer, og det gjeld ikkje berre for vår kommune. Denne messa kom og tett opp mot Høyanger vgs. si eiga karrieremesse som hadde veldig godt oppmøte, så det kan virke som at ein del prioriterte den i år.

Det fortel Ingrid Heggø og Birgitta Hagen Kyrkjebø i HNU, og Kristin Sagerøy Råsberg på Høyanger vgs., til Ytre Sogn.

– Men sjølv om det var litt færre stands i år enn tidlegare mangla det ikkje på deltakande studentar. Det var tidvis trongt om plassen, og mange kom innom oss. Den grøne huben og moglegheitene for å ta utdanning gjennom Studiesenter Kysten var kanskje det som engasjerte dei unge mest, og mange var på konkret jobbjakt då dei nærmar seg endt studieløp.

HNU arrangerte også eit treff etter messa der ei handfull med studentar vart med og fekk enda meir informasjon om Studiesenter Kysten og andre ting som kan vere relevant for dei.

– Vi håpar og trur at slike samlingar er nyttige, og vi ønsker å knyte kontakt med unge vaksne og samlar informasjon om studieretningar og kompetanse som dei sit på slik at vi kan sette lokale arbeidgivarar i kontakt med dei om det skulle vise seg å vere nokon gode matchar.