Det var stor iver hjå borna som, på den siste aktivitetskvelden før jul, skulle lage både lyslykter, julekort og grøne dekorasjonar. Dei elleve skuleborna i alle aldrar var både stolte og kjempeglade når dei kunne syne fram dei flotte produkta sine.
At Nora Høyvik er eit unikum er det ikkje tvil om. Ho har i svært mange år stått i spissen for å halde den kreative aktiviteten blant born i gang.
– Eg hadde ikkje greidd det viss eg ikkje hadde fått god hjelp, sa Nora, som har runda 80 år med god margin.

Denne kvelden hadde ho dei gode hjelparane Kari Dale og Trude Marlen Julseth med på laget.
Også dei tre mødrene som var til stades, gav ei hjelpande hand og var svært nøgde med tilbodet borna får gjennom 123-klubben. Dei syns alle det er flott å sjå kor engasjerte ungane er, og kor flinke dei vaksne er til å handtere så mange born.
– Det betyr så mykje å ha eit tilbod med kreative aktivitetar, understreka Linn Elisabeth Dregelid.

Borna sjølve var både i djup konsentrasjon, men og høgt og lågt. Det var tydeleg at dei hadde det veldig kjekt saman. Og når produkta var ferdige vanka det pepparkaker og risbollar med saft til. Ei triveleg økt i ei travel førjulstid.
– Eg synest det er så viktig å halde på våre gode tradisjonar, seier Nora, som er lei seg for at Kyrkjebø kvinne- og familielag ikkje skal arrangere juletrefest i år.
– Sidan det har vore svært få som har møtt opp dei siste åra, har styret tatt den tunge avgjerda å droppe den tradisjonelle juletrefesten denne gong.
– Er det definitivt over og ut for den gamle tradisjonen no då?
– Det skal eg ikkje seie sikkert, men vi går inn i tenkeboksen for å sjå om det er andre måtar å gjere det på. Så kanskje det dukkar opp ei overrasking neste år, smiler Nora.