SafeClean etablerer avdeling i Rogaland


- Dette markerer eit nytt kapittel i historia til SafeClean, seier administrerande direktør Jon Refsnes og marknapsdirektør Geir Kvalheim til Ytre Sogn. I 2021 etablerer dei avdeling i Risavika i Sola kommune.

Dei seier at det først og fremst er etterspurnaden etter tenestene deira som mogleggje etableringa, då SafeClean har mange eksisterande kundar i regionen. 


Ei rekkje bransjar

Risavika i Sola kommune har gjennom fleire år har vore sentral i olje- og energisektoren på Vestlandet. SafeClean, som i dag har avdelingar både på Kyrkjebø, i Sløvåg og i Kristiansand. tenkjer at deira tenester vil passe godt inn der.

- Høyanger - no Kyrkjebø - og Sløvåg har i fleire år vore hovudprosessanlegga våre, og dei tenestene vi har levert på desse lokasjonene er dei same vi tek med oss til Risavika. Dessutan ser vi at det å etablere endå mer kortreiste kompetansetenester vil kunne skape god synergi med alle dei vi jobbar med, seier Refsnes

Kvalheim fortset: 
- Vi reinser til dømes produksjonsutstyr for ei rekkje bransjer, slik at utstyret sin effektivitet og brukstid aukar. Samtidig utfører vi dette på ein måte som garanterer for personelltryggleik, og kundane våre sitt miljøtrykk går ned. Det er ein uslåeleg kombinasjon som fleire og fleire oppdagar.

Administrerande direktør Jon Refsnes (f.v.) og marknadsdirektør Geir Kvalheim. . (Pressefoto)

Midten av 2021

Det er Stavangerregionen Havn som er kontraktspart for det nye lokalet der SafeClean planlegg innflytting i midten av 2021. 


- Kva vil det inneber av nye arbeidsplassar?
 - Vi er eit offensivt kompetansemiljø, og kjem til å forsterke ytterlegare når vi etablerer oss i Risavika, og er allereie i posisjon for å tiltrekkje oss nye kompetansepersonar også her, seier Kvalheim, utan at han på noverande tidspunkt har noko tal.


- Vil dette få konsekvensar for avdelingane på Kyrkjebø og i Sløvåg?
 - Det vil i så fall vere i form av meir aktivitet, svarar han.

Les meir i neste Ytre Sogn!