Riving er ikkje eit alternativ


Skammens hus i Høyanger. Det gamle posthuset i Høyanger er eit sørgeleg syn. Her gjekk vi alle forbi til 3-toget på 1. mai, og på 17. mai gjer vi det same. Kan det vere lov å la eit hus forfalle slik utan at kommunen tek i bruk verkemiddel som dei elles kan nytte mot oss vanlege huseigarar på staden? Dette ikoniske gamle bygget fekk ein gong bygningsprisen, og i fjor gjekk bygningsprisen til eit hus nett oppafor i same gata. Kor tid vart dette bygd, er det snart på tide at riksantikvaren (eller kven det er som har ansvar på fylkesnivå?) tek turen hit og seier sitt? 20 meter unna er ærverdige Parken, eit freda område der ein ikkje får sette i så mykje som ein spiker på utsida fordi området skal framstå som det ein gong gjorde. Det er særs lite tiltalande både for naboar og for byvandring for turistar i området Parken/Klaumanns Allé/Storgata når dette er synet som møter dei! Lite hyggeleg reklame for Høyanger som ein attraktiv plass både for oss innbyggarar og tilreisande.

Er det fordi det er Hydro som eig bygget som gjer at det får stå slik? Har ikkje kommunen same verkemiddel mot bedrifter som vanlege menneske? At ikkje Hydro skammar seg langt inn i sjela som let dette ikoniske bygget i eit elles særst velhaldent bustadområde, få stå slik til spott og spe for alle. 124 millionar i overskot første kvartal i år for Hydro Høyanger, 527 millionar i 2023 og så kan dei ikkje spandere på det så mykje som eit malingsstrøk! Skammeleg blir eit for svakt ord. Det burde vere eit krav frå kommunen (og innbyggarane!) at dette huset vert rusta opp til akseptabelt nivå. Riving er etter mitt syn IKKJE eit alternativ. Vi har allereie mista nok av særmerka i Høyanger. Kva Hydro kan eller vil nytte bygget til er for meg og totalt uinteressant i denne samanhengen. Eg meiner og at flytting av minnestøtta framfor huset ikkje må blandast inn i denne diskusjonen, då det kan avspore debatten. Her handlar det om å ta vare på eit lokalt kulturminne, og det er her fokus må ligge.

Høyanger har vore prega av nedgangstider, nedlegging av bedrifter, stenging av butikkar, og dyster stemning blant innbyggarane, men no skjer det mykje spennande i heile kommunen, og det kjennest ut som vi er starta på ein real opptur! La dette bygge få vere med inn i ein ny glansperiode for Høyanger og lyse opp som det ein gong gjorde!

Med litt umiddelbar innsats kan bygget framleis bli ein verdig bakgrunn for minnestøtta til 17. mai. Bruk lokal arbeidskraft, støtt opp om andre bedrifter som også treng oppdrag.

Rita Elisabeth Kvamme
Ei av mange som bryr seg om Posthuset