Hyllestad vart i slutten av oktober nok ein gong ein samlingsplass for speleglade jenter og gutar frå heile regionen. På LANet fekk både nye og erfarne spelarar høve til å underhalde seg med ei rekke spel, moro og aktivitet i trygge og organiserte rammer.
![](https://cdn.ytresogn.no/bundles/global/uploads/articles/12/1000008322.12352.jpg)
Ei kjensle av fellesskap og vekst
Interessa for arrangementet har vakse jamt sidan starten for tre år sidan, og i år vart det nok ein gang sett ny deltakarrekord. – Det er inspirerande å sjå korleis påmeldingstala veks for kvart år, seier ein av arrangørane. – Vi har deltakarar som kjem frå nabokommunar, og til og med Bergen, som gir oss strålande tilbakemeldingar. Fleire av dei gler seg allereie til neste år. Foreldre og deltakarar set pris på at LANet i Hyllestad legg stor vekt på at alle, uavhengig av ferdigheitsnivå, skal føle seg velkomne og kunne finne sin plass blant likesinna. Her er det rom for å ha med seg enten PC, Xbox, Playstation, nettbrett og mobiltelefon, eller heile pakken for dei som ønsker det. I tillegg til spelemoroa blir deltakarane betre kjent med kvarandre, noko som styrkar fellesskapet.Fysisk aktivitet
Hyllestadhallen, med sine fleirbruksmoglegheiter, gir deltakarane ei heilt spesiell oppleving der dei kan veksle mellom ei data-sone og ei aktivitets-sone. Kombinasjonen av fysisk aktivitet og dataspel speglar ei trend som har vorte vanleg i E-sporten både nasjonalt og internasjonalt. Mange større E-sportklubbar vektlegg fysisk trening som ein viktig del av spelarutviklinga, for å oppretthalde god helse og reaksjonsevne hos utøvarane. I Hyllestad fekk deltakarane relativt fritt spelerom i aktivitetshallen med fotball, basket, klatring mm. Ein ser at etter ei økt framfor skjermen trekk dei bort i aktivitetssona og får springe litt i frå seg.![](https://cdn.ytresogn.no/bundles/global/uploads/articles/12/1000008320.12355.jpg)
Streaming
![](https://cdn.ytresogn.no/bundles/global/uploads/articles/12/1000008333.12356.jpg)