Museumsstyrar Alexander A. Rauboti fekk mange lovord for ein interessant gjennomgang av hovudtrekka i kvernsteinshistoria til Hyllestad. Den har i seg eit potensiale som på ingen måte er utnytta godt nok enno.

Meir å hente på kvernstein –⁠ Hyllestad-seminar i 2027

Når Kvernsteinslauget i Hyllestad rundar 25 år i 2027 vil museumsstyrar Alexander A. Rauboti få til eit breitt opplagt seminar, og Sogelaget vil vere med.


Alexander A. Rauboti kasta fram idéen om eit seminar som set kommunen på kartet i medlemsmøtet som var ein del av årsmøtet til Hyllestad Sogelag. Rauboti sa at kvernsteinane ber namnet kulturskattar med rette.

I foredraget som han hadde kalla «Steinkrossar frå Hyllestad», drog han trådar til Mostratinget og kristenretten og Gulatingslova. Han var også innom tidlegare biskop Fridtjof Birkeli som har skrive om steinkrossane, likeeins Irene Baug, som i nyare tid har kasta lys over historia gjennom arbeidet sitt.

Flest og størst frå Hyllestad

Det er 61 kjende steinkrossar langs Vestlandskysten. 40 av dei står framleis, og 23 av dei er frå Hyllestad med sin karakteristiske granatglimmerskifer. Den største av krossane frå Hyllestad står på Kvitsøy i Rogaland, i landets minste kommune. Den ragar 3,90 meter opp frå grunnen og er med det «ein tanke» høgare enn Korssund-krossen.

Rauboti var også innom Johs. B. «Bille» Thue, sambygdingane hans frå Balestand som har skrive om «Livets steinar».

Kross tll Stiklestad

I foredraget tok Rauboti føre seg meir forsgegjorte keltiske og angliske krossar og kom inn både på Kinn og Selja. Han fortalde også og viste bilde av meir kortreiste kyrkjegardskrossar.

Museumsleiaren skulle gjerne sett at dei i Hyllestad hadde greitt å levere ein større kross til tusenårsjubileet for kristninga av landet og slaget på Stiklestad, målet for kystpilgrimsleia, der heilag-Olav fall i 1030.