Det er KLP som står bak Ung utopi, og målsettinga til prosjektet er å styrke barn- og unge i Norge sin framtidstru. I Bjordal er det lærar Ingelin Holen som har hatt ansvar for prosjektet.
– Vi som lærarar har vore i Oslo for å lære såkalla sokratisk dialog, og her heime har elevane jobba med å identifisere fire verdiar som er viktige for at dei skal trivst der dei bur. Klassane i Bjordal og Lavik landa på natur, mat, aktivitet og glede som sine verdistikkord. – Noko som er litt interessant er at dette er verdiar som også mange andre av klassane som er med i prosjektet har definert, så dette er verdiar som står sterkt uansett kvar i landet dei unge kjem frå.Elevar frå Bjordal skule var før sommaren fleire gongar på besøk i Lavik for å jobbe med elevar der i prosjektet Ung utopi. (Begge foto: Ingelin Holen)
Reiser til Oslo med lokale verdiar i bagasjen
7. klasse ved skulane i Bjordal og Lavik er to av elleve som no deltek i prosjektet Ung utopi. Denne veka er dei i Oslo på studietur.