Sanitetslaget på Kyrkjebø har hatt onsdagskafé gjennom året. Fleire av kafévertane fekk blome for at dei stiller opp. Frå venstre: Lilly Ljotebø, Aud Ljotebø, Karin Berge og Jorunn Strandos.

Kyrkjebø Sanitetslag runda av året med grautfest

Førre veke arrangerte det lokale sanitetslaget tradisjonen tru grautfest på Kyrkjebø.


Grautfesten vart opna av leiar i sanitetslaget Helga Maria Dåvøy, og «Julekveldsvisa» blei sunge før grauten kom på borda.

– Det har vore eit travelt arbeidsår for oss i saniteten. Vi har teke på oss mange oppgåver, men det har vore moro og gitt oss mykje tilbake. No rundar vi av året med grautfest, sa Dåvøy til dei frammøtte.

Det har blitt tradisjon at gjengen frå Vadheim Sanitetsforening tek turen til grautfesten på Kyrkjebø. Frå venstre: Kari Vattekar, Signe Kvåle, Oddfrid Gjermundstad og Aud Vattekar Ljotebø.

Tradisjon for Vadheim også

På det eine bordet denne kvelden sat det ein gjeng frå Vadheim. Det har blitt tradisjon at også Vadheim Sanitetsforening tek turen innom grautfesten på Kyrkjebø kvart år.

– Vi er eit lite lag i Vadheim, men vi putlar på så godt vi kan. Vi har ikkje så mykje samarbeid med laget på Kyrkjebø, men vi held kontakten, og dette er ein kjekk og sosial måte å treffast på, fortalde leiar i Vadheim Sanitetsforeining, Signe Kvåle.

– Det er veldig koseleg å komme inn her, og vi ser fram til det kvart år. Sjølv om vi er eit lite lag, så er vi aktive vi som er med. No i jula plar vi spandere julegraut på barnehagen og blomar til dei frå Vadheim som er på sjukeheim, la dei andre damene på bordet til.

Leiar Helga Maria Dåvøy for Kyrkjebø Sanitetslag fekk også blome for innsatsen sin gjennom året.

Blomar til fleire i salen

Det har ifølge leiar Dåvøy vore eit innhaldsrikt og lærerikt år for saniteten på Kyrkjebø.

– Vi har hatt kafédrift både på grillfesten som var ilag med Joker i sommar, og på julemarknaden som var no i november. Sjølv om det var hektisk, var det også lærerikt. Eg trur nok vi kjem til å takke ja om vi blir spurd igjen.

Eit av dei større arrangementa laget stelte i stand i år var basaren i Kyrkjebø samfunnshus i oktober.

– Eg trur det var den verste styggevêrs-søndagen vi har hatt i år, men vi klarte å fylle heile lokalet med folk. Vi er veldig godt nøgde med resultatet etter basaren, og det gir oss moglegheit til å arrangere fleire ting i lokalsamfunnet vårt også seinare. 

I tillegg til større arrangement som kafédrift på grillfesten og basaren i Kyrkjebø samfunnshus har Kyrkjebø Sanitetslag også hatt kafé kvar onsdag i sanitetslokalet.

– Eg vil takke kafévertane som stiller opp kvar veke og som lagar til kafé. Utan dei hadde vi ikkje fått det til. Det blir ein sosial og fin plass å møtast kvar veke, så eg vil gjerne gi ut ein blome til dei som har vore med og gjort ein kjempeinnsats.

Laget har også fått med seg fleire yngre medlemmar det siste året, og dei ville, ilag med resten av laget, vise si takksemd til leiaren.

– Du lyt få ein blome du og Helga, som står på og held laget gåande, sa eit av dei yngre medlemmane i laget, Nina Gjervik Aaland.

Grautfesten vart runda av med meir song, dessert, åresal og minibasar.