Regjeringa må fremje ein forutsigbar industripolitikk


I Noreg er vi heldige. Vi har eit blanda næringsliv og moglegheiter for desentraliserte arbeidsplassar i industrien. Dette er mogleg fordi vi har vore flinke til å fremje ein aktiv næringspolitikk som har tatt vare på Noreg sine internasjonale konkurransefortrinn. Det er det avgjerande at dagens regjering held fram med.

Eit slikt tiltak er CO2-kompensasjonsordninga. CO2-kompensasjonsordninga er avgjerande for å sikre like konkurransevilkår for norsk industri som nyttar kortreist, rein fornybar energi. Altså vasskrafta vår.

Fordi Noreg er kopla på det europeiske straumnettet so importera vi også europeiske straumprisar. Og dei har ei innbakt Co2-avgift, dette fordi mesteparten av straumen i EU kjem frå gass og kolkraftverk. 

Eg jobba som operatør i elektrolysehallen på Hydro sin fabrikk i Høyanger. Der har vi 80 elektrolyseceller som til ei kvar tid produsera aluminium som gong etter gong vinn prisar for god kvalitet. Faktisk er vi heilt i verdstoppen når det kjem til aluminiumsproduksjon på verket i Høyanger. Totalt bruka vi rundt 1% av Noregs samla straumproduksjon på å drifte desse elektrolysecellene. Dei går døgnet rundt, alle dagar i året.  

Regjeringa har ved statsbudsjettet for 2023 og 2024 gjort endringar i CO2-kompenasjonsordninga som gjer dårlegare vilkår for norsk industri. Dette har gjeve Hydro Høyanger store ekstrarekningar. Berre fordi den Europeiske straumen ikkje er fornybar, slik som den norske.

Det er takka vere Co2-kompensasjonen at norsk kraftkrevjande industri er konkurransedyktig mot utanlandsk industri, og vi kan behalde viktige arbeidsplassar i Distrikts-Noreg 

I Hurdalsplattforma står det «Vi vil vidareføre og styrke CO2-kompensasjonsordninga». Derfor jobbar vi i Sogn og Fjordane Senterungdom opp i mot regjeringa slik at dei skal innfri sine lovnader og gjera det betre for norsk industri.

Vi er 150 stykk som arbeida på Hydro Høyanger, og vi vil ha ein jobb og gå til også i framtida. Vi treng hjørnesteinsbedrifta vår i kommunen. Difor er det so viktig at Senterpartiet held fram med å ivareta dei små, men utruleg viktige industrisamfunna vi endå har igjen her i landet!

Jonas Haugsbø
Politisk nestleiar i Sogn og Fjordane Senterungdom