Frå hausten av kan det bli utvida gratis kjernetid på SFO i Høyanger kommune.

Høyanger utvidar gratistimar i SFO

Etter at regjeringa innførte 12 timars gratis SFO også for 3. klassetrinn, gjekk Høyanger eitt skritt lengre og utvida ordninga til å gjelde for 14 timar.


Ifølge regjeringa har det etter at det vart innført gratis kjernetid for 1. og 2. trinn vore rekordhøg deltaking i SFO. Fleire enn 9 av 10 første- og andreklassingar går no på SFO, og frå august blir ordninga utvida til også å gjelde 3. trinn.

På utvalsmøtet for Oppvekst førre veke måtte dei dermed ta stilling til kva betalingssatsar som skal gjelde for 3. trinn frå august av. Forslaget er at ein vil auke talet på gratistimar frå 12 til 14 for 3. trinn.

I dag kostar ein heil plass på SFO 2590 kroner, medan ein plass med 14 timar i veka kostar 1650. 8 timar per veke kostar 935, men i staden for å opprette ein ny plass for 12 timar per veke, så gjer Høyanger den eksisterande ordninga med 14 timar heilt gratis.

Dermed spanderer Høyanger kommune dei to siste timane på foreldre og føresette med born på 3. trinn.

Treng ikkje endre

– Etter utrekning av timepris vil det koste 240 kroner for ein plass med 14 timar per veke. Det vil vere meir føremålstenleg å fjerne betaling for dei to siste timane, skriv administrasjonen i sakspapira.

Skulane vil dermed ikkje trenge å gjere endringar i sine personalressursar, og foreldre og føresette vil dermed få moglegheit til å velje eit utvida gratistilbod.

Dei elevane som har hatt ein plass med 14 timar per veke, vil dermed heller ikkje trenge å justere ned til 12 timar for å få heilt gratis SFO.

Administrasjonen har rekna at det vil utgjere tapte inntekter på rett over 50 000 kroner i året for kommunen.