INP om skulepolitikk


Både AP og Raudt har nyleg skrive om skulepolitikk i Ytre Sogn. Skulepolitikk og skulekvardagen er viktig for oss i INP òg. Vi er samd med begge innsendarane i at vi ønsker ein desentralisert skulestruktur i kommunen. Men på andre område vil vi utfordre dagens skule, og vi vil vere ein pådrivar for forbetringsarbeid i skulane i Høyanger kommune. Ein må bli betre på både læring og inkludering. Alle må få støtte til å utvikle seg sjølv og potensiale sitt.

Hege Rusti og Hedda Andrine Skår er innom lekser i innlegga sine. Det er viktig at lærarane har moglegheit til å gi lekser. INP meiner det skal vere lekser i skulen. Vi kan ikkje godta at alle skal «ned» på same nivå, når vi veit at mange born har svært god nytte av lekser. Då må vi heller gi eit løft til dei som ikkje har utbytte av leksene sine, finne ut kva dei treng og differensiere leksene etter eleven sitt behov. Lærarane ser elevane, og må få bruke sin kompetanse til å gje alternative lekser og læringsmoglegheiter. Nokre born vil kanskje ha meir nytte av praktisk læring og praktiske lekser. Det er for eksempel mykje ein kan lære av å lage noko på sløyden, spele musikk, vere ute eller kanskje hjelpe til med noko konkret heime eller i ein forretning. INP ønsker at praktisk kompetanse skal vere ein verdsett og prioritert del av læringa i skulen, på same måte som teoretisk læring er verdsett og viktig. Men born er forskjellige, og alle bør få oppleve læring, meistring og glede i skulen og oppveksten.

For at alle born skal få utvikle sitt potensiale, må òg dei borna som meistrar fag og teori godt, få utfordringar som utviklar potensialet og gir meistring og læringsglede. Born med stort læringspotensial kan faktisk gå under radaren fordi dei er urolege og kjedar seg i timane! Ved fråvær av utfordringar kan born med stort læringspotensiale faktisk ende opp som bråkmakarar og «drop-outs». I alle tilfelle av manglande tilpassing og tilrettelegging, vil både individet og samfunnet ha tapt mykje potensiale.
Hege Rusti peikar på behovet for fleire utdanna (barnehage-) lærarar og dette er noko INP også er oppteken av. Vi bør også sjå på tal vaksne per born og moglegheiter for vidareutdanning. Kompetanse og nok tilsette i barnehage og skule vil kunne bidra til både betre arbeidsmiljø og betre oppvekst og læring.

Vi må tenke nytt. INP ønsker å utfordre politikarar, administrasjonen og skulane med nye tankar og forslag. Vi som samfunn må klare å møte kvart born med forståing og bidra til læring og meistring som gir dei ein god og nyttig skulekvardag.

Med INP i kommunestyret vil vi gi skulepolitikken ny driv, vi vil tilføre noko som både Raudt og AP manglar.

Jan Erik Dregelid
Høyanger INP