Ein person pågripen etter påkøyrsel med bil i Høyanger - augevitne filma

Ein person er pågripen etter at politiet rykka ut etter påkøyrsel med bil i Høyanger tysdag morgon.


Ytre Sogn har vore i kontakt med eit augevitne, som fortel at dei vart merksame på at noko føregjekk i gata utanfor huset då dei høyrde eit smell.

Dette skal ifølgje augevitnet ha skjedd klokka sju tysdag morgon.

Augevitnet filma også delar av hendinga, og på videoen, som Ytre Sogn har fått tilsendt, kan ein sjå at ein bil forsøker å køyre på ein person.

Personen kom seg unna i siste liten, og bilen kræsja inn i eit gjerde.

Etterpå kan ein sjå at det kom ein annan person til i situasjonen, og personen i bilen køyrde sin veg, med delar av bilen hengande lause.

Augevitnet fortel at fleire i nabolaget har fått med seg hendinga.

Ein pågripen

Straffeansvarleg i Sunnfjord politistasjonsdistrikt, Stine Mari Vårdal, seier til Ytre Sogn at ein person er pågripen etter hendinga.

– Politiet vart kalla ut til ei hending i Høyanger i dag tidleg klokka 07.07, der det var snakk om ei påkøyrsel. Vi har pågripen ein person, og det blir etterforska om dette har vore ei bevisst påkøyrsel.

Det skal vere ein relasjon mellom dei involverte.

Vårdal seier ho ikkje kjenner til kva den pågripne har forklart til politiet, men at personen vil bli fengsla til i morgon.

– Er det aktuelt med varetektsfengsling?

– Ja. Dette vil bli avgjort av jurist i morgon.