(Alle foto: Kyrkjebø skule- og ungdomskorps)

Feira 50 korpsår med tur til Tyskland

Kyrkjebø skule- og ungdomskorps var førre veke i Tyskland på jubileumstur. Korpset deltok på festivalen «Østersjø-treff» på Weissenhäuser Strand, ikkje så langt frå Kiel.


Saman med tre andre norske korps har dei 18 musikantane delteke på utekonsertar i tre ulike byar dei siste dagane. Til saman er det ein delegasjon på 23 personar frå 10 år og oppover som representerer Kyrkjebø i dette selskapet. 

Det var avreise frå Kyrkjebø skule laurdag 22. juni, med Brekken-buss til Bergen. Deretter gjekk turen med Fjord Line til Hirtshals i Danmark og vidare med buss til Tyskland. Det var ein flott buss, med bord som passa perfekt til kortspel og yatzy, og med ein fantastisk dyktig og hyggeleg sjåfør som førte oss trygt gjennom trange bygater med centimeterpresisjon. Stemninga var upåklageleg heile vegen!

Weissenhäuser Strand er eit turistanlegg ved ei tre kilometer lang sandstrand på østersjøkysten, og her vart gjengen installert i leilegheiter. På anlegget er det eit stort innandørs badeland, kafèar, butikk, bowling og spelehallar, i tillegg til den flotte stranda. Det var ingen vanskar med å halde born og ungdommar aktiviserte. 

Korpsa på festivalen har fått tildelt spelestader i småbyane i distriktet, og i den tradisjonsrike Hansa-byen Lübeck. Måndag var det utekonsert i småbyen Eutin, og tysdag var det speling både i Grömitz og i Lübeck. 

Grömitz viste seg å vere reine syden-paradiset i det flotte sommarvèret, med lange sandstrender, typiske nordtyske korg-solstolar, og ein flott strandpromenade. 

Der var det til og med sett opp plakat til den føreståande konserten, men fellesbildet av KSUK som vart teke utanfor Kyrkjebø skule i mai!

Lübeck er ein flott og ærverdig by med lange tradisjonar, og det var tydeleg å sjå på bygningsmassen. Spelestaden var på ei utescene rett ved sidan av gågata og den store St. Marien-kyrkja, som er ein gotisk katedral frå 1200-talet, den tredje største i Tyskland. 

I Lübeck vart det også tid til litt shopping og byvandring, noko som var populært blant dei unge musikantane. 

Reiste Kyrkjebø skule- og ungdomskorps på tur til Bergen? Neida, her er dei i Hansa-parken nord for Lübeck, der dei mellom anna kunne finne eit lite stykke vestlandshovudstad.

På dag tre stod eit besøk i Hansa-parken på programmet, det er ein opplevingspark eit stykke nord for Lübeck. Her var det mykje å sjå og oppleve med Hansa-tida som tema, mellom anna eit tablå frå Bryggen i Bergen. 

Turen er eitt av høgdepunkta i KSUK sitt 50 års-jubileum. Korpset vart stifta i november 1974, og kan sjå tilbake på 50 samanhengande år med samspel og korpsmusikk i den vesle bygda. Dette er verd å feire skikkeleg med å gje unge og vaksne musikantar og støttespelarar ei flott fellesoppleving. 

Korpset har hatt mange utanlandsturar gjennom historia si, til stader som Shetland, Scarborough i England, Göteborg og Bornholm, men det er ei stund sidan sist. Den førre turen var til København i 2014, og etter korona-perioden har ikkje korpset vore lenger av stad enn til Høyanger sørside! Så musikantane har gledd seg til denne turen lenge, og dei har ikkje blitt skuffa. 

Å reise på tur saman gir mange fellesopplevingar og ristar korpsfamilien saman. 

På denne turen har det vore ei fin blanding av musikalske utfordringar og flotte ferie-opplevingar. Etter ein musikalsk sett nokså begredeleg øvingskonsert ved Joker Kyrkjebø før avreise, har gjengen reist kjerringa og levert tre svært respektable konsertar. 

Sterke korpsfedre har frakta trommesettet gjennom gatene, rigga opp og rigga ned, musikantane har levert sitt beste i steikande sol, og lært verdien av å ha med solbriller. 

Speleerfaringa har vore ei fin oppkøyring til neste store mål – jubileumskonserten i november. Musikantane har grunn til å vere godt nøgde med innsatsen, og Kyrkjebø har hatt gode ambassadørar i utlandet! 

Sonja Aasen Årdal

Bildeserie