Siste idémyldringssamling for LivOGLyst forprosjektet på Høyanger sørside var i Bjordal på torsdag. No gjenstår det ein del sortering og systematisering før det blir valt ut nokre tiltak som det skal jobbast vidare med. (Alle foto: LivOGLyst Høyanger sørside)

Mykje liv og mykje lyst på sørsida

LivOGLyst-idémyldringa på Høyanger sørside tok flatt av.


På nyåret vart det kjent at Høyanger sørside og Kyrkjebø hadde blitt tildelt 80 000 kroner  kvar til LivOGLyst-forprosjekt av fylkeskommunen. Tanken bak desse forprosjekta er å kartlegge kva aktivitetar og tiltak bygdene ønsker å gjennomføre i eit eventuelt hovudprosjekt, og til å gjere det har dei på sørsida invitert til folkemøter for å samle inn innspel og idéar.

– Vi har no arrangert slike samlingar i Ortnevik, Ikjefjord og Bjordal, og bygdefolk frå 0 til 80 har møtt opp i hopetal. Vi stod for middagen, og så stod dei frammøtte for idémyldringa over ein kaffikopp i etterkant, og det vart ikkje akkurat mangel på innspel. Folk er kreative og løysingsorienterte, og det er kjekt å få vere med på å få desse tankane løfta opp og fram.

Det fortel arbeidsgruppeleiar Asle Stensæter. Saman med dei andre åtte i arbeidsgruppa skal han no gå igjennom alle idéane, noko som er ein ikkje ubetydeleg jobb.

– Vi må sette oss ned og bearbeide dette litt systematisk for å få oversikt. Målet er å sjå om det er noko her som vi kan jobbe vidare med i LivOGLyst-samanheng, der vi og kan involvere andre aktørar som lag og organisasjonar og næringsliv. Og om det skulle vere nokon som ikkje hadde høve til å kome på ei samling, men som har innspel, må dei sjølvsagt berre ta kontakt med nokon av oss i arbeidsgruppa no i etterkant.

Med ein fyldig bunke med usorterte LivOGLyst-idéar i sin forvaring tør ikkje Stensæter trekke fram einskildforslag eller tiltak som stikk seg ut som gode kandidatar for vidare arbeid enda.

– Vi veit ikkje enda om det er konkrete forslag som går igjen, eller om det finst noko her som utmerkar seg som særskilt gode prosjekt. Men ein gjennomgangstematikk er nok eit ønske om fleire sosiale møteplassar med låg terskel. Folk ønsker å gjere på ting saman, og det er også god tradisjon for å gjennomføre prosjekt ilag og samle gode krefter her på sørsida.

Også i Ortnevik (øvst) og i Ikjefjord vart det idémyldra i LivOGLyst-regi med godt sluttresultat.

Målretta arbeid
LivOGLyst-forprosjektet vil vare eit år fram til februar 2025, og då kan dei på sørsida levere ein søknad med mål om å bli tildelt eit treårig hovudprosjekt i ordninga. Om dei lukkast med det ventar det enda fleire fylkeskommunale midlar.

– Vi vil fortsette å jobbe målretta og strukturert med LivOGLyst og nytte tida vi har fram til februar så godt det let seg gjere. No i april reiser vi ein gjeng til ei nettverkssamling i Bergen for å lære av andre som har gjennomført tilsvarande prosjekt. LivOGLyst er ei fin ordning, og når vi no har fått ein fot innafor vil vi ta den moglegheita og prøve å få mest mogleg ut av deltakinga vår i programmet. Vår oppgåve som arbeidsgruppe er å kople eldsjeler og initiativtakarar med andre som kan hjelpe til med å realisere aktivitetar og tiltak, og det er ei rolle vi har tenkt å ta på høgste alvor.