Oppretthald det gode tilbodet ved Tronvik!


Tronvik, ruseininga innan Helse Førde, står i fare for å bli lagt ned. Det er klart etter at leiinga i Helse Førde informerte dei tilsette på allmøte på fredag om at kravet om økonomisk innsparing gjer at det blir vurdert nedlegging.

Direktør Arve Varden seier at ingenting er avgjort. Det er bra.  Det gir håp om at trusselen kan snuast til ei varig styrking av behandlingstilbodet ved Tronvik og sikring av at arbeidstakarane ikkje skal måtte finne seg i pendling.

Raudt har, bl.a. ved besøk på Tronvik, fått det same inntrykket som Varden nemleg at dei tilsette og den landlege lokasjonen, både til saman og kvar for seg utgjer eit godt miljø. Dette tilbodet til eit av samfunnet sine mest vanskelegstilte, rusbrukarane, må styrkast og ikkje utsetjast for nedleggingstruslar år om anna.  Det er berre menneske med sentraliseringsønskje fremst i pannebrasken som meiner noko anna.

Trusselen om nedlegging av det gode behandlingstilbodet på Tronvik, er ein av mange truslar rundt i landet som skuldast manglande økonomiske midlar i helseforetaka.  Vi må derfor no endå ein gong slå ring om bl.a. Tronvik. Vi må gjere det ved å rette eit krav til statsbudsjettet, som kjem fredag 6. okt., om at det må sikrast meir pengar.  

Raudt Sogn og Fjordane meiner å ha høyrt eller lese at både førre og noverande regjering vil prioritere opp rusomsorg og psykisk helsevern.  Dersom statsbudsjettet, og under dette løyvingar til Helse Vest / Helse Førde ikkje gir sikring av tilbodet ved Tronvik, må det vere at Stortinget og regjeringa ikkje fullt og heilt står ved løfta sine.

Einar Rysjedal
Leiar for Raudt Høyanger

Kjell Oldeide
Leiar for Raudt Sogn og Fjordane