Etter at tilbodet vart avslutta for vel fem år sidan er det etterspurde babysongtilbodet no i full sving igjen i Høyanger kyrkje.

Come­back for baby­songen

Etter stor pågang frå småbarnsforeldre i tettstaden er babysongtilbodet no tilbake i Høyanger.


– Dette er eit tilbod som kyrkja har hatt også tidlegare, men som for vel fem år sidan måtte avsluttast grunna personalmangel. Etter ei auke i talet på barnefødslar i fjor vart det igjen og ei aukande interesse for tilbodet, så vi starta opp igjen på seinsommaren i 2023, seier kyrkjelydsarbeidar i Høyanger kommune, Heike Müller. Ho leiar i regi av kyrkja babysongen i Høyanger kyrkje annankvar veke.

Saman med kyrkjelysarbeidar Heike Müller (i midten) som instruktør var det klart for song og dans i Høyanger kyrkje denne måndagen.

Song, dans og såpebobler
– I desse samlingane bruker vi kjende barnesongar der nokre også har eit kristent bodskap. I tillegg til rørsle og dans nyttar vi også gjenstandar som skaper visuelle blikkfang for dei små, slik som fargerike silkesjal og såpebobler. Så vi har det kjempegøy på desse samlingane, der vi etter ein times tid med song og dans avsluttar det heile med litt småprat over ein kopp kaffi eller te. Eg synest det er utruleg kjekt med desse samlingane.

Kor mange som er med på samlingane varierer litt frå gong til gong, og med små babyar i hovudrollene er det sjølvsagt mange ulike årsaker til det varierande oppmøtet.

– Sist gong var det åtte, og i dag er det fire som er med. Dei andre måndagane kor det ikkje er babysong er det moglegheit for å nytte Høyangerbadet og ha babysymjing der, seier Müller, og legg til at med unntak av sommarferien så er gratistilbodet i kyrkja tilgjengeleg heile året.

– Vi tykkjer at dette er eit veldig kjekt tilbod, seier (f.v) Maiken Uglum, Ingrid Kreken, Camilla Aardal og Anny Malene Mjell.

Sosialt og kjekt
Då Ytre Sogn er på besøk denne måndagen strøymer musikk og song gjennom heile kyrkjerommet frå Heike Müller og småborns-mødrene Ingrid Kreken Neset og dottera Amanda (8 1/2 månadar), Maiken Uglum Neset med vesle Malin (8 månadar), Camilla Aardal og dottera Malene (4 månadar) og Anny Malene Mjell med sonen Albert (snart 3 månader).

– Kva tykkjer de om dette babysongtilbodet?

– Vi tykkjer dette er eit veldig kjekt tilbod. Det er ein fin ting å gjere når vi er heime i permisjon, og eit samlingspunkt der vi kan møte dei andre foreldra og deira små, frå det same kullet. Og så er det gøy å sjå korleis dei reagerer – både i form av blikk og smil – når vi syng og dansar songar som dei kjenner igjen, seier dei.

Mødrene legg til at song og musikk er noko dei små også får servert heime.

– Når det gjeld songar eg syng heime så går det stort sett i kjende barnesongar som eg sjølv hugsar frå min barndom. Ein av dei er «Sov dokke Lise», som mi bestemor song for meg då eg var liten. Den brukar eg ofte å nynne på medan vi held på med kveldsstellet, seier Aardal.

På dei tjukke blå og raude mattene som for høvet er fylt opp med leikar og silkesjal på golvet, ligg borna med vidopne blikk og følgjer med på det som skjer.