– Vedtaket om å sjå på moglegheitene for å få på plass ei dagsturhytte vart gjort av grunneigarlaget i slutten av november i fjor, så her har det gått fort frå idé til ferdig realisert hytte. Vi trur og meiner at dette er den dagsturhytta som har blitt realisert på kortast tid, så får heller nokon komme og korrigere oss om det er feil.
Det seier grunneigar og uoffisiell prosjektleiar for dagsturhytta på Søreide, Terje Søreide. Han fortel om mykje velvilje og ein smidig prosess. – Vi er stolte og audmjuke over at lokalt næringsliv har stilt opp og vore med og finansiert hytta i ei krevjande tid med rekordhøge straumprisar, særleg for oss her i prissone 5. Vi hadde og ein spleis der målet var å samle inn 50 000 kroner, men kor vi fekk inn heile 52 000 kroner, så her har både bedrifter, kommunen og privatpersonar i aller høgste grad bidratt. Det har og blitt lagt ned ein massiv dugnadsinnsats, så her er det mange som fortener heider og ære.![Det er ei flott utsikt frå dagsturhytta på Søreide. Ein kan til og med skimte kvar noko av finansieringa bak hytta kjem frå.](https://cdn.ytresogn.no/bundles/global/uploads/articles/25/1000001549.9667.jpg)