Det var under folkemøtet for Liv & Lyst på Kyrkjebø at ideen kom. Siv Helen Lillehauge, Trude Marlen Juseth, Vebjørn Lutentun og Olav Luggenes har møtt Ytre Sogn for å fortelje om prosjektet.
– Det vart arrangert eit folkemøte i april med middag, kaffi og kake, der opp mot 100 stykk var innom. Under møtet hadde vi ein «brainstorming» for å høyre kva prosjekt vi kunne sette i gong med. Då var det ein som nemnde badetrampoline, så det var her ideen kom frå, fortel Julseth. Det var Vebjørn Lutentun som kom med ideen om ei badetrampoline. No sit han sjølv i arbeidsgruppa og har vore med å forme prosjektet. – Eg tenkte at det hadde vore moro om det kom noko meir ein kunne drive med på Austreimstranda. Mange er her ute og badar på sommaren, og ei badetrampoline ville laga meir liv og røre her ute på stranda, fortel han.16 prosjekt
No har ho og dei andre sete i ei arbeidsgruppe for å få realisert dette prosjektet. Saman med kommunen har dei fått det til, og førre måndag kom trampolina på fjorden. – Etter møtet blei det laga til ulike arbeidsgrupper som ein som frivillig kunne bli med i. Her arbeidde ein vidare med dei ulike prosjekta som blir satsa på. No er det sett i gong 16 ulike prosjekt, så det er moro at eit prosjekt er blitt realisert, fortel Lillehauge. I samarbeid med kommunen har trampolina kome på fjorden. Vidare arbeid er tufta på frivillige og tillit til dei som brukar trampolina, fortel gjengen frå arbeidsgruppa. – Arbeidsgruppa som har hatt ansvar for dette prosjektet har gjort forarbeidet med å finne ulike trampoliner og forslag som vi har sendt vidare til kommunen. Kommunen har kjøpt inn trampolina med BUA-midlar og sett den ut på fjorden for oss. Alt vedlikehald no er det frivillige som står for. Vi skal setje den ut og ta den inn frå fjorden, og sørge for at alt ser greitt ut og er som det skal vere, fortel Lillehauge vidare.