Ny positiv koronaprøve i Hyllestad. Sjukeheimen er stengd.

Skrevet av May Britt Eide
05.09.2021 12:11 - OPPDATERT 06.09.2021 12:57

Laurdag analyserte Helse Førde 140 nye koronaprøvar, og av dei var to positive. 

Prøvetakingskommunar var Hyllestad og Stryn, opplyser helseføretaket på nettsida si. 

Den som testa positivt er tilsett i omsorgstenesta i kommunen, og Eiklund sjukeheim i Sørbøvåg er no stengd inntil vidare.

 Kommunedirektør Martin Lundgård seier til Firda at smittesporinga er avslutta, og at smittevegen er kjend.

Alle nærkontakar vart testa med hurtigtest og vanleg koronatest i går.

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.