Stig Hovlandsdal Øvreås er dagleg leiar i Tell Media som gir ut Ytre Sogn. Han er glad for at fleire besøker ytresogn.no og gir gode tilbakemeldingar på lyd- og videoinnhaldet som lokalavisa produserer, mellom anna frå det nye studioet i det gamle bankbygget i Høyanger.

Solid auke på nett for Ytre Sogn

Ein solid auke i talet på lesarar av Ytre Sogn på nett gler dagleg leiar i Tell Media. – Vi riggar oss for ei digital framtid, og det er positivt og kjekt å sjå at abonnentane er med på den utviklinga.


Lesarane til Ytre Sogn vel i større og større grad nettet når dei skal få dei lokale nyheitene, noko som gler Stig Hovlandsdal Øvreås, dagleg leiar i Tell Media, som gir ut Ytre Sogn.

– Det er kjekt å sjå at lesarane bruker nettsidene våre meir aktivt no enn tidlegare. I januar i fjor hadde vi knapt 80 000 sidevisningar på ytresogn.no, medan vi i same månad i år fekk over 100 000 sidevisningar. Det er ei auke på over 30%, seier Hovlandsdal Øvreås og fortset:

– Ein ikkje ubetydeleg del av innhaldet vårt no er i form av lyd og video, formidlingsformer som naturleg nok berre let seg distribuere digitalt, og når fleire av våre lesarar er på nett får også fleire tilgang til heile breidda i det vi har å tilby av lokalt medieinnhald.

Endringar
Både distribusjon og trykk av papirutgåva av Ytre Sogn har vore tett knytt til Amedia-konsernet som leverandør, og dei siste åra har deira avgjersler om å både legge ned trykkeriet i Førde og den lokale avisbodtenesta ført til endringar for Ytre Sogn.

Frå og med 2024 er det Posten som leverer Ytre Sogn i papirform heim i postkassene til abonnentane, noko som fører til at det ikkje alltid er rykande ferske utgåver som kjem fram til lesarane.

– Avisverda er i endring og den endringa stoppar nok ikkje opp no. Det er stadig aukande kostnadar knytt til å trykke og levere nyheiter på papir, og det er nok ingen tvil om at både vi som mediebedrift og lesarane våre må førebu seg på ei heildigital framtid. Dei digitale løysingane gjer det sjølvsagt mykje enklare å servere aktuelle nyheiter raskt, samtidig som det er ei plattform der ein kan skape og dele eit langt meir mangfaldig innhald, seier Hovlandsdal Øvreås.

På Sida er ein av podcastane Ytre Sogn og Tell Media produserer i dag.
Satse vidare
Med høgaktuelle nyheiter, spesielt i seinare tid knytt til nedlegginga av Tronvik, har Ytre Sogn levert både «live» nyheitsoppdateringar og vore ein arena for lokale ytringar og debatt.

– Dette er klart noko som har gjort til at lesarane har trekt mot nettsidene våre, og det er gledeleg når lesarane ser nytta av nyheitsformidlinga som berre er mogleg gjennom digitale kanalar, seier Hovlandsdal Øvreås.

Etter at Tell Media flytta inn i nye lokale i det gamle bankbygget i Høyanger sentrum har bedrifta også fått eit dedikert studio, noko som gjer produksjonen av digitalt innhald mykje enklare.

– Dette er ein type innhald som vi vil satse vidare på. Studioet i det gamle bankkvelvet gir oss moglegheiter som vi ikkje hadde før, og vi vil bli flinkare til å halde ein jamnare frekvens på podkastane våre «Tett på» og «På sida», og anna lyd- og videoinnhald.

Lyd- og video
Hovlandsdal Øvreås har tru på at denne typen innhald kan vere med på å nå nye målgrupper som gjer Ytre Sogn som lokalavis enda meir synleg og relevant i lokalmiljøet.

– Denne typen innhald er nok med på å bygge opp Ytre Sogn som ei merkevare i lokalsamfunnet på ein måte som ikkje er mogleg på papir. Mange er glade i papiravisa, noko vi sjølvsagt og er glade for, men det er og mange som set pris på og ønsker meir lyd- og videoinnhald frå oss, i tillegg til meir løpande dekning på nett av kva som skjer lokalt, avsluttar den daglege leiaren i Tell Media.

Ein del av innhaldet som Ytre Sogn produserer for tida let seg ikkje distribuere på papir.