Ytring frå Linn Elisabeth Dregelid, styremedlem i Senterkvinnene Sogn og Fjordane.

Noreg må investere i kvinnehelse og amming


Foreldrepermisjonen har sidan 2018 vore inndelt i ein del til fri fordeling, og kvotar på 15 veker kvar til mor og far. Mor har altså mista dei seks vekene som var atterhaldt ho i tilknyting til svangerskap og fødsel, og er no teoretisk sett heilt likestilt med far. I praksis er det, forståeleg nok, ikkje så likt. I ei undersøking frå NAV i vinter kom det fram at omtrent halvparten av mødrer no tek ulønt permisjon i tilknyting til foreldrepermisjon. I tillegg har vi dei mødrene som har behov for meir tid i permisjon, eller dei som ser at barnet har behov for det, men ikkje har økonomi til det. I 2008 var talet på mødrer i ulønt permisjon 18%, og i 2017 var det 30%. Det er for meg fullstendig ulogisk å bruke likestilling som argument for stor fedrekvote, når det i røynda er umogleg å likestille foreldreskap mellom mor og far. Mor vil alltid stå i ei særstilling når det kjem til svangerskap, fødsel og tida etter. Likevel er det slik at kvar mor, far og situasjon er unik, og foreldre bør sjølv velje korleis dei best kan fordele foreldrepermisjonen. Dersom ein reknar arbeidsdeltaking og -rettar, inntekt og pensjonsopptening som eit mål for likestilling, er ulønt permisjon vegen til mindre likestilling. 

Den store delen mødrer som tek ulønt permisjon utfordrar den allment aksepterte doktrina om at det er lønt arbeid og pengar som er målestokken alt skal målast mot. Det er eit teikn på at vi har rom for andre verdiar i samfunnet, og at ikkje alt kan målast i pengar. Men nyliberalismen er så internalisert i vår tenkemåte at vi til og med godtek at sjukehusa får betalt per fødsel, og jo verre det går med kvinna, jo meir betalt får dei. Vi set ein pris på kva det skal koste å føde, og så set vi jammen ein pris på fødselsskader også. Så om alt skulle gå bra, som det heldigvis ofte gjer, så får sjukehuset færre midlar. For å gjenta og presisere absurditeten i dette; det er altså meir lønsamt for sjukehuset om kvinna får fødselsskadar eller komplikasjonar, enn om kvinna har ein normal fødsel. Ressursar brukt på førebygging av skader gir ikkje utteljing i budsjettet dersom det fungerer. Denne finansieringsmodellen står til stryk, og må endrast. 

Vidare, i dette samfunnet der alt av verdi bør ha ein økonomisk verdi, var det nok lurt å rekne ut pengeverdien av amming. Men morsmelk har ingen eigen plass i BNP. Likevel utgjer norske kvinner sin samla melkeproduksjon ein økonomisk verdi på meir enn ni milliardar kroner i året. Og det er i eit land der berre 48% av eit-åringar får morsmelk. Med tanke på at amming også bidreg til betre helse for mor og barn, i tillegg til auka intelligens hos barnet, er den personlege og samfunnsøkonomiske gevinsten svært stor. Og som om ikkje helse var nok, så har morsmelk mellom 40 og 52 % mindre klimabelastning enn erstatning. Difor må vi sjølvsagt legge betre til rette for at mor kan amme så lenge det er behov, og difor må mor ha moglegheita til å ha lenger lønt permisjon enn dagens ordning tillèt. At ammefri skal kunne bøte på for kort permisjon er utopisk.

Ein vesentleg faktor for at mange skal klare å amme barnet sitt er eit godt tilbod innan ammehjelp. Når det offentlege tilbodet er fråverande eller mangelfullt, er det Ammehjelpen, med sine 200 frivillige ammehjelparar, som gir kvinner informasjon og helsehjelp i tilknyting til amming. Etter sommarens Spleis samla Ammehjelpen inn over tre millionar kroner på få dagar. Mykje kom frå takksame kvinner; lovorda strøymde inn i kommentarfelta. Det er uakseptabelt at det offentlege ikkje tek ansvar for dette helsetilbodet. Endå verre er det når staten ikkje ein gong kan finansiere det dugnadsbaserte helsetilbodet frå Ammehjelpen. Dei tre millionane Ammehjelpen har bedt om på årleg basis må sikrast over statsbudsjettet. 

Å sikre god oppfølging av kvinner både før, under og etter fødsel, er god samfunnsøkonomi.