IL Høyang sitt J13- og J14-lag i handball gjorde det godt i Fredrikstad Cup i pinsa. Her blir dei avfotografert i den offisielle cup t-skjorta. (Foto: IL Høyang)

Høyang-jentene imponerte på Fredrikstad Cup

IL Høyang sitt J13- og J14-lag i handball deltok i pinsehelga på Fredrikstad Cup, som er Norges største handballturnering med over 700 lag og 10 000 deltakarar frå heile Noreg.


Avreise frå Høyanger til Fredrikstad var på sjølve nasjonaldagen, så jentene hadde pakka med norske flagg og fekk gått eit kort 17. mai-tog på ferja mellom Dragsvik og Hella.

IL Høyang stilte med to lag i turneringa, eitt lag i J13-klassen og eitt lag i J14-klassen, der dei fleste jentene spelte opp ein årsklasse. Som venta vart det tøff motstand i J14-klassen i pulje med Kjelsås, Eidsvoll, Vestre Bærum og Risør. Sett vekk frå kampen mot Eidsvoll, så er jentene absolutt med i periodar i kampane, spesielt i kampen mot Risør som til slutt endar med eitt måls tap.

I sin eigen årsklasse, J13, imponerer Høyang-jentene. Dei går ubesigra gjennom alle fem kampane i puljespelet mot Kråkerøy, Frogner, Skogstrand, Furuset og Stabæk og går dermed vidare til A-sluttspelet som klar puljevinnar. I 16-delsfinalen møter dei Rjukan. Dette blir ein fysisk kamp med mange tøffe duellar, men utover i kampen viser Høyang-jentene seg som eit mykje betre lag og spelar med høgare tempo og set eit godt offensivt forsvar som fører til fleire kontringar. Trass i at dei brenn mange målsjansar mot ein god Rjukan-målvakt, vinn dei til slutt komfortabelt 12-6 og går vidare til 8-delsfinale.

I 8-delsfinalen møter jentene Ull/Kisa. Dette blir ein jamn og spennande kamp som til slutt endar med eit surt eitt måls tap. Høyang-jentene følte nok at dei var det beste laget og var naturlegvis svært skuffa etter kampen, noko som er forståeleg når det blir så små marginar frå ein kvartfinale. Uansett skal jentene og trenarane vere fornøgde med innsatsen i turneringa. Prestasjonen til Høyang-jentene blei òg lagt merke til og kommentert av mange av dei andre laga sine trenarar og støtteapparat. At eit lag frå ein liten tettstad som Høyanger klarar å hevde seg heilt i toppen i Noregs største handballturnering imponerte mange.

Høyang-jentene fekk òg tid til litt sosial aktivitet utanfor handballbanen, med blant anna ein tur over grensa til Sverige, tivolibesøk, og ikkje minst konsert med mange kjente artistar saman med 12 000 andre cupdeltakarar.