4000+

–⁠ Nokon har gjerne sove litt i akkurat denne timen


Eg er mor til Ragnhild med psykisk utviklingshemming og down syndrom. Diagnosene hennar krev at dei som er rundt henne jobbar godt saman med henne og forstår henne godt for å få gode dagar for henne. 

Det å ha personal som fungerer rundt Ragnhild er ikkje alltid ei lettvint sak i ei liten kommune. Det å ivareta kompetansen til personar som er godt opplært rundt henne og som fungerer, er kostnadsøkonomisk fornuftig. 

For Ragnhild vil ikkje krevje mindre personalressursar framover. Ho vil krevje meir. Det kan eg sikkert gjenta til det kjedsommelege for nokon, men det er det realistiske perspektivet. 

Igår var det siste skift for ein av dei som jobbar som assistenten hennar på skulen. Han fekk ikkje stor nok fast stilling i kommunen til å bli og tek med seg familien sin på fire personar og flyttar til ein annan kommune til ein jobb han er overkvalifisert for. 

Eg ser heilt sikkert ikkje heile bildet og kjenner ikkje til detaljene. Det er heilt sikkert ting eg ikkje forstår logikken i, politikken i, eller veit dei juridiske og/eller dei økonomiske prioriteringane rundt denne situasjonen. 

Eg har likevel følelsen av at om vi tenkjer innbyggjartal 4000+ så nokon har gjerne sove litt i akkurat denne timen. 

Høyanger kommune gjekk her "glipp av" fire personar som opplevde trivsel i kommunen vår og som ønska å vere her og som innehar kompetanse det er bruk for i mange år både i tenester knytt til helse og omsorg og i oppvekst. 

I kommentaren til Kristine Kopperud Timberlid i Ytre Sogn 17.06.22 skriv ho om å byrje med folka og at ein prøvestein til kommuneadministrasjonen kunne vore «korleis bidreg dette til å oppretthalde og auke folketalet?». 

Det spørsmålet stiller eg meg også. 

Monica Sæle