No er klatreklubben i gang i nyoppussa lokale


- Buldreveggen har allereie fått rykte på seg til å vere mellom dei beste i landet, sa ordførar Petter Sortland då han fredag opna klatrekludbben sine nye lokale i Kaihuset i Høyanger.

Blant anna er det no laga til fleire løyper i buldreveggen, med ulik vanskegrad.

Arbeidet starta i fjor haust, og eigentleg skulle dei ha teke i bruk dei nyoppussa lokala nede på kaien i Høyanger tidlegare i år. Det sette imidlertid koronaen ein stoppar for.

Men fredag denne veka var det endeleg opning, som ordførar Petter Sortland stod for.

I talen sin fortalde ordføraren at det først vart planlagt ein nasjonalt godkjent klatrevegg i Høyangerhallen, med kommunen som utbyggjar. Dei fekk imidlertid avslag frå departementet ettersom den ville kome i konflikt med speleflata i idrettshallen og hindre nasjonale kampar i handball og innandørs fotball.



- Det var avslaget frå departementet som gjorde at ein måtte finne nye lokale, og med det presset på aktivitet vi har i Høyangerhallen i dag, skal vi vel prise oss lukkelege over det, sa Sortland, for deretter å gratulere Ole Johan Torsnes og Sjur-Håvard Øygard frå klatrekludbben med nye lokale, og ønske dei lykke til med drifta.

Les meir i neste Ytre Sogn!


Ordførar Petter Sortland overrekte Ole Johan Torsnes (t.v.) i klatreklubben ein bokpakke, som dei kan ha i det nye samlingsrommet i Kaihuset.