I løpet av våren vil det ikkje lengre vere mogleg for publikum å ringe direkte til Høyanger politistasjon, men ein kan bli sett over frå eit sentralbord, og kan og møte fysisk på stasjonen i Meieribygget i Høyanger om ein vil snakke med lokalpolitiet.

Kuttar direktelinja til det lokale politikontoret

Du må snart innom eit sentralbord for å nå Høyanger politistasjon på telefonen.


Vest politidistrikt har vedteke å etablere eit felles kontaktsenter for dei lokale politistasjonane i distriktet. Det vil medføre at ein ikkje vil kunne ringe direkte til stasjonane, men vil få svar frå nokon på eit felles sentralbord.

– Bakgrunnen for endringa er at Vest politidistrikt samla sett får 180 000 innkommande anrop i løpet av eit år, og 40 000 - 50 000 av dei innringarane får aldri svar. Med eit felles kontaktsenter sikrar ein at det alltid er nokon som kan ta telefonen, som så kan forsøke å sette innringaren i kontakt med nokon som kan hjelpe vedkomande.

Det seier tenestestadsleiar Kristoffer Lønning ved Høyanger politistasjon. For Lønning og kollegaane i Høyanger har det ikkje vore noko stor utfordring med mange tapte anrop.

– Hos oss har ordninga med direktenummer til politistasjonen fungert godt, og svarprosenten vår er nok langt høgare enn snittet som ligg bak innføringa av denne ordninga. Eg skulle sjølv gjerne sett at vi kunne halde på nummeret vårt, men dette er ei avgjersle som har blitt tatt høgre opp i systemet og som vi lokalt berre må forhalde oss til.

Tenestestadsleiar Kristoffer Lønning ved Høyanger politistasjon hadde ikkje hatt noko imot å behalde direktelinja til den lokale politistasjonen, men han har forståing for at Vest politidistrikt ønsker å redusere talet på tapte anrop i distriktet.

Like tilgjengeleg som før
I dag er det 57 71 45 70 som er nummeret til Høyanger politistasjon, og tanken er at dette skal erstattast med politiet sitt fellesnummer 02800.

Når lokalnummeret blir lagt ned og erstatta med sentralbordsfunksjonen, og kven det er som skal bemanne sentralbordet og kvar dei skal ha sin arbeidsstad, er ikkje endeleg avklart, men endringa vil tre i kraft i løpet av våren ein gong.

– Det er klart at det kan opplevast som frustrerande å ikkje få svar når ein ringer politiet, så sånn sett er det nok fornuftig å innføre denne ordninga når talet på ubesvarte anrop er såpass høgt. Nokre telefonhenvendingar er også av ein slik type at vi sjølv må sette innringaren i kontakt med nokon andre, då vi lokalt ikkje er dei rette vedkomande til å svare på spørsmål. Dette vil sjølvsagt dei på sentralbordet også kunne hjelpe til med, kanskje til og med betre enn det vi gjer lokalt.

Og sjølv om ein snart ikkje vil kunne ringe direkte til politistasjonen i Høyanger lengre, forsikrar Lønning om at det skal vere fullt mogleg å kome i kontakt med dei lokale blåkledde også i framtida.

– Ein må gjennom eit ekstra ledd i form av dette sentralbordet, men dei vil der kunne sette innringarar over til oss igjen, så vi vil vere like tilgjengelege då som no. Forskjellen er at ein vil vere sikker på å få svar når ein ringer inn. Og ein vil sjølvsagt også kunne ta kontakt med oss som tidlegare ved å møte opp på politistasjonen. Vi har opningstid kl. 10.00 – 13.00 måndag til fredag, og alle er velkomne til å stikke innom om ein skulle ha behov for å snakke med oss lokalt.