12.12.1968 – 22.12.2023

Minneord om Rune Kyrkjebø


Rune Kyrkjebø døydde brått og uventa av hjerneblødning 22. desember 2023 knapt 55 år gamal. Rune, fødd i 1968, var frå bygda Kyrkjebø på nordsida av Sognefjorden, ei bygd han var nær knytt til og alltid hadde mykje kontakt med. På kyrkjegarden her vart han gravlagd 12. januar 2024. 18 gamal reiste han til Bergen for å studera ved universitetet. Den akademiske karrieren tok til ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet, men han skifte snøgt til Det humanistiske fakultetet, HF-fakultetet, og nordisk-faget der. Han fekk godhug for norrøn filologi. I 1994 tok han hovudfag (master) om ei gamalnorsk omsetjing av tekstar frå Det gamle testamentet, og disputerte nokre år seinare, i 2002, på ei avhandling om Heimskringla, hovudverket til Snorre Sturlason, om soga til dei eldste norske kongane. Etter kvart vart Rune tilsett ved HF-biblioteket som førstebibliotekar. Der vart han verande. Ved HF-fakultetet og UB-biblioteket fann han den kunnskapen og innsikta om det kulturelle og humanistiske mennesket som han var på jakt etter. 

Rune var eit godt menneske. Han var stillfarande, lun og audmjuk, hjelpsam, lojal, solid, raus og snill. Av natur var Rune ein ekte humanist, og han såg alltid det positive i menneska. Aldri sette han seg sjølv fremst og kunne ofte vera anonym og stundom mest ´usynleg´ i sosiale samanhengar. Å vera altfor profilert, var ikkje hans veremåte. Han gjorde ofte som Laertes, far til Odyssevs: han «skar klunger og grov um fiketrei, og let heltane slåst ved Troja» (Olav H. Hauge: Kvardag, 1966).

Som fagmann var Rune grundig og lærd med eit breitt allment perspektiv. Særleg var han ein uvanleg god lyttar og ein kyndig lesar med eit skarpt blikk. Han såg straks språklege og filologiske særmerke ved både norrøne tekstar og alle andre slags tekstar.

Språkleg var han ein dugande språksmed, og han førte eit framifrå og lytelaust nynorsk skriftspråk. Få meistra ein like god nynorskpenn som han. Men han såg òg dei store verdiane både i bokmålet og i riksmålet, og han sette stor pris på den dansk-norske skrifttradisjonen. Aldri hamna han språklege skyttargraver. Rune var språkleg raus.

Sjølv om Rune tidleg forlet ein naturvitskapleg karriere, forlet han aldri interessa for naturvitskapen. Siste kvelden han levde, var han ein tur i radiobua si. Rune var radioamatør, og hadde kontakt med store delar av verda på ulike frekvensar. Arbeids- og tenkjemåtane frå naturvitskapen drog han dessutan nytte av i engasjementet for å få digitale verktøy inn i studiet av tekst- og handskriftmateriale frå mellomalderen. På dette feltet var han tidleg ute.

Rune var mykje interessert i teologiske emne og spørsmål. Særleg var han oppteken av den tysk-amerikanske teologen og religionsfilosofen Paul Tillich. Ein av dei største teologane i det 20. hundreåret. Tillich studerte koblinga mellom mennesket sine eksistensielle spørsmål og teologien sitt svar på desse. Dette galdt også Rune.

Medan Rune var tilsett på HF-biblioteket, tok han teologiske eksamenar ved Universitet i Tromsø. Teologistudiane inspirerte Rune til å skaffa seg kunnskap og innsikt i koiné-gresk, det greske språket som Nytestamentet er skrive på, og han vart etter kvart mykje oppteken av dei ulike omsetjingane av Det nye testamentet. Rune hadde plan om ei prestegjerning, men då dei teologiske studiane var til endes, slo han likevel prestegjerninga frå seg.

Eg var så heldig å få vera med å kommentera nokre av salmane i Nytt norsk salmeleksikon, der Rune sat i redaksjonen og dessutan skreiv svært gode kommentarar til fleire salmar. Då me heldt på med dette arbeidet, hadde me to fleire turar til Menighetsfakultetet i Oslo. Der sat me på lesesalen og jobba intenst med salmetolkingar og -kommentarar. Slike abeidsøkter saman med Rune var stjernestunder og mykje lærerike.

Eg kjende Rune heilt sidan studietida hans. Rune og eg hadde jamleg kontakt i alle desse åra – på telefon, sms eller e-post. Og på kaffi- og te-samtalar i UB-kaféen eller kantina på Studentsenteret, Sandtakjet, som Rune kalla denne kantina. Han kunne senda meg tekstmeldingar som «Er i Sandtakjet». Då var det berre å kasta seg rundt.

I ein periode i studietida hans, møttest Rune, Asbjørn Tysse – ein student frå Stanghelle – og eg jamleg på den brune kafeen i andreetasjen på Strandkaien i Bergen. Der åt me middag og diskuterte allskens verdsproblem. Me kalla oss «De enkle menn». Noko som høvde godt på oss tre vestlendingane. Samlingane der var mykje gjevande fagleg og sosialt.

Rune har i alle år vore meg ein god samtalepartnar. Dei gode samtalane med Rune vil eg sakna mykje.

Gunnstein Akselberg
Kollega og ven