Mann dømd til fem år og to månadar i fengsel for drapsforsøk

Ein mann i 60-åra er dømt til fengsel i 5 år og 2 månadar etter at han i romjula i Hyllestad i fjor helte bensin over ei kvinne og forsøkte å tenne på.


Retten trudde ikkje på mannen si forklaring om at han berre forsøkte å skremme kvinna. Han vart dermed dømd for drapsforsøk i Sogn og Fjordane tingrett. Han har også blitt dømd for skremmande åtferd i tida før hendinga, i tillegg til brot på vapenlova.

Mannen nekta straffeskuld, og til TV2 seier mannen sin advokat, Ivar Blikra, at han vil anke dommen.

– Utover det har eg ingen kommentar.

Statsadvokat May-Britt Erstad seier til TV2 at ho er nøgd med dommen sjølv om det er lagt til grunn lågare straff enn ho bad om.

Mannen er også dømd til å betale ein erstatning på omlag 170 000 kroner, og er ilagt eit to år langt kontaktforbod mot den fornærma.