I to månadar har all posten til Edgar Birger Hatlem blitt omadressert til Bergen. – Eg er umyndiggjort.

Fekk all post omadressert i to månadar: –⁠ Umyndiggjort

Edgar Birger Hatlem føler seg umyndiggjort av Posten, etter at dei i to månadar har omadressert all posten hans til Bergen.


Sidan midten av november har posten til Edgar Birger Hatlem blitt omadressert frå adressa han har budd på i 75 år. Posten seier til Hatlem at det har vore ein menneskeleg svikt.

– Eg er blitt umyndiggjort av Posten, og no er eg redd for at inkassokrava og kostnadane vil komme, seier Hatlem til Ytre Sogn.

Allereie har eit viktig brev frå forsikringsselskapet blitt forseinka så lenge at Hatlem til slutt måtte kontakte forsikringsselskapet for å finne ut kva som hadde skjedd.

Sendt til Bergen
Det heile byrja når sonen til Hatlem flytta til Bergen i midten av november. Etter det har etter det Hatlem sjølv kan forstå all posten hans blitt omadressert dit, etter den har komme til Hyllestad kommune.

Hatlem bestilte ein pakke til barnebarnet sitt, og for å vere i god tid ute til jul bestilte han allereie i november.

– Den vart pakka og sendt frå Ålesund 24. november, eg bestilte den i god tid til jul så eg sjølv fekk tid til å pakke den inn og sende den vidare, fortel Hatlem. 

Men pakken vart omadressert til sonen si adresse i Bergen, og sjølv fekk han den ikkje før 22. desember, etter at han hadde involvert leverandøren av pakken.

– Dei tende også på dette, og fekk sendt den til rett adresse, seier han.

Spora pakke
Hatlem bestilte igjen like før jul ein ny pakke, og denne gongen spora han pakken. Den vart liggande på Lørenskog i romjula, men den 2. januar så han at pakken var kommen til Leirvik i Sogn.

– Dette var på føremiddagen, så då tenkte eg at då får eg nok den på plass snart. Men når det ikkje kom noko meir melding, så gjekk eg inn at på kvelden og såg på sporinga. Der sto det at mottakaren har fått ny adresse, og at pakken var omadressert.

Hatlem fortel at han har vore i kontakt med Posten, og at det har komme forskjellige forklaringar på kvifor posten hans plutselig vart omadressert til sonen si nye adresse. Ein av dei forklaringane var at dei to hadde så likt namn, og sjølv om førenamnet liknar så har Hatlem og sonen heilt forskjellige mellomnamn.

Posten beklagar
Han har seinare fått melding frå Posten om at det heile skuldast «menneskeleg feil», og Posten beklagar sterkt dei ulempene saken har ført med seg.

– Eg har ikkje fått noko post i postkassa på to månadar. No har det byrja å komme inn nokre brev, forklarar Hatlem, og syner oss eit brev med eit inkassovarsel.

– Dette kom fram etter betalingsfristen, men eg var nå inne og betalte så fort eg fekk det. No er eg jo redd for kva som kjem til å komme, og om det blir kostnadar på meg. Eg har venta på eit brev frå forsikringsselskapet, og det kom aldri noko. Eg ringde og etterlyste dette, og fekk beskjed om at det var sendt. Dei også hadde sendt den 22. november. Dei kom fram i går, to månadar nesten etter det vart sendt frå Oslo, seier Hatlem, som er svært frustrert over situasjonen.

–Eg lurer jo på om eg alle dei breva eg skulle fått kjem no.

Ikkje trygg
Sjølv om det no har byrja å komme post igjen på adressa hans på Sørebøvåg, seier han at han ikkje kjenner seg trygg på at alt no kjem fram der det skal til riktig tid.

– Vi får sjå! Eg trur ingenting lenger, det kan eg berre ikkje gjere.

Posten har ikkje svart på Ytre Sogn sine førespurnadar.