Eitt år siden krigen starta:

Frå Ukraina til Hyllestad

Med den yngste i familien berre sju månadar gamal, bestemde dei seg for å reise frå Ukraina. Målet var Hyllestad, men korleis dei skulle komme seg dit var det ingen som visste.


I ein liten, sparsamt innreia leilegheit med utsikt over Hyllestad sentrum bur familien på fire, saman med gudmor til sonen og dottera. Aleksandr Savchenko er på besøk hos sine nære vener, og fungerer som tolk. Kostyantyn og Natalia er foreldrene til Yehor på elleve og Kateryna som no er omlag åtte månadar gamal.

Saman med dei bur også Marina, ein god ven av familien og gudmor til borna. Når familien på fire flykta frå heimbyen Mykolaiv sør i Ukraina, vart ho med. Det rår ikkje heilt å forklare kvifor eller korleis, det berre vart slik.

Aleksandr har budd og arbeidd i Hyllestad i mange år.

Trudde ikkje til siste minutt
På spørsmål om å tankane om å forlate Ukraina hadde byrja å kome i vekene med usikkerheit før 24. februar, dagen då Russland invaderte nabolandet, er svaret kontant nei.

– Dette var noko vi byrja å tenke på 24. februar. Når oljefelt og militærbasar rundt oss vart angripe, og det kom rakettangrep mot Mykolaiv. Vi trudde ikkje noko kom til å skje. Vi kunne aldri i verda førestille oss at Russland skulle angripe oss på denne måten, seier Kostyantyn.

Han pratar russisk, og Aleksandr overset, men blikket er ikkje til å ta feil av. Vantru og fortviling treng inga oversetting.

– Eg trudde ikkje til siste minutt at russarane kunne gå til eit slikt valdelig angrep, legg Aleksandr til.

– Eg trudde ikkje til siste minutt at russarane kunne gå til eit slikt valdelig angrep, fortel Aleksandr. Dei slit alle med å forstå at dette kunne skje i deira heimland.
Tre dagar

Mykolaiv er ein hamneby, som under Sovjet-tida var ein av hovudstadane for skipsbygging. Krigsskipet «Moskva» vart bygd der, og i hamna ligg Ukraina sitt krigsskip «Ukraina», identisk med søsterskipet som no ligg på havbotn, kan Aleksandr fortelje. 

Familien fortel at dei først såg an situasjonen. Dei seier Russiske styrkar kom raskt frå Krim-halvøya, som er under russisk kontroll. Byen vart omringa, og russiske styrkar prøvde å ta seg inn.

– Dei første tre dagane skjedde det veldig mykje. Militæroperasjonen var i full gang, russiske soldatar kom, og det var mykje småaksjonar. Elitesoldatar vart flydd inn i helikopter, seier Kostyantyn.

Stengd bru
Før invasjonen budde det omlag ein halv million innbyggjarar i Mykolaiv, og for å komme seg vestover må ein krysse ei 751 meter lang bru. Varvarivsʹkyy Mist heiter den, og for at store skip skal kunne passere, dreier midtdelen seg og opnar opp for kryssande trafikk i elva.

Etter invasjonen vart brua vridd for å unngå at russiske styrkar skal ta seg inn i byen. Men då kan heller ingen reise ut. 

– Etter tre dagar bestemte vi oss for å reise vestover i landet. Vi fekk informasjon om når ein kunne passere brua, og vi køyrde bil vestover mot Kam'yanets'-Podil's'kyi, fortel Kostyantyn.

Marina er gudmor til borna i familien. Tilfelle gjorde til at ho vart med på reisa til Hyllestad.
Alle vil vestover

Køyreturen tek normalt åtte timar, med denne gongen brukte dei 23 timar på å kome fram.

– Det var kaos. Det kom masse bilar frå alle kantar, alle ville vestover, fortel Kostyantyn.

I Hyllestad sit Aleksandr og ser kva som skjer i heimlandet. På ein felles chat, der han, Kostyantyn, og tre andre ofte pratar saman, finn han ut at Kostyantyn, Natalia og borna, saman med Marina har kome seg til Kam'yanets'-Podil's'kyi.

– Eg oppdagar at dei ikkje er i Mykolaiv lenger, og og spør kvar dei er. Kostyantyn fortel meg at dei vil ut av Ukraina, og eg foreslår at dei kan kome til meg i Norge. Eg fortel at eg vil hjelpe dei med å kome seg hit, seier Aleksandr.

Avblåste planar
Men Kateryna er berre sju månadar gamal, og har i tillegg berre ein fødselsattest på ukrainsk. Det er ikkje godt nok til å komme seg ut av landet, og dei har allereie fått kjenne på kor vanskeleg det er å køyre i time etter time med ein baby i bilen.

I Kam'yanets'-Podil's'kyi får dei oversatt fødselsattesten til engelsk, og så reiser dei vidare nordover mot den polske grensa. Målet er Warsawa, der dei har ukrainske vener som kan hjelpe dei.

– Først planla eg å reise til den polske grensa og hente dei. Men eg las meg opp på regelverket og fann ut at om ikkje alle papira er i orden, så kan eg bli sikta for menneskjesmugling. Så den planen vart avblåst, seier Aleksandr.

Arina er dotter til Aleksandr, og oppvaksen i Hyllestad, men med ukrainske foreldre pratar ho flytande russisk. Her leiker ho saman med nyankomne Yehor.
Reglar endrar seg
I kaoset som rår endrar reglane seg for kven som kan reise ut av landet, og kva papir ein treng. Menn får ikkje reise ut av landet, det er unntakstilstand. Men ved grensa finn Kostyantyn ut at han har gyldig grunn til å reise ut av landet med familien og Marina likevel. Han fortel til Ytre Sogn kva grunnen er, men han vil ikkje at vi skal skrive det.

Han vil heller ikkje bli tatt bilete av.

På grensa til Polen bestem han seg for å bli med familien vidare til Warsawa, der dei blir tatt i mot av ukrainske vener.

Nye dokument
– Vi blir tatt godt i mot i Polen, og vi får ein bustad frå private som vi slepp å betale for den første månaden. Vi vel å gå til den ukrainske ambassaden for å få bekrefta dokumenta våre, fortel Kostyantyn.

Stadig vekk kjem det nye reglar, nye unntak, for dokumentkrav og for grensepasseringar.

Med dokumenta frå ambassaden kan dei no bestille fly til Norge, og dei flyr frå Warsawa til Sandefjord. Der er Aleksandr for å hente dei, og dei reiser til Hyllestad. Her bur alle fem heime hos familien til Aleksandr.

Den første delen av ferda gjekk i bil, og Kateryna var då sju månadar. Det første strekket dei køyrde tek normalt åtte timar, denne gongen brukte dei 23.
Andre gong i Hyllestad

Familiane er nære vener, og Kostyantyn og Natalia er gudfar og gudmor for borna til Aleksandr. Dette er andre gongen dei er i Hyllestad, for nokre år sidan vitja dei Aleksandr sin familie her. Det var under heilt andre omstende, denne gongen har dei etter alt sannsyn kome for å bli.

– Dei budde hos meg i tre-fire veker. Det var usikkerheit om dei måtte melde seg på mottakssenteret aust i landet, men dagen før dei flaug til Sandefjord endra reglane seg her også. Så då kunne dei reise til Hyllestad, og så var vi i Bergen nokre dagar etter og registrere seg der, fortel Aleksandr.

Familien og Marina fortel at dei føler seg veldig godt tatt i mot av kommunen dei har kome til. Dei ordna med bustad til dei, og Aleksandr seier kommunen har jobba på spreng for familien. No skal det komme fleire møblar til bustaden deira. Dei låner ein bil av Aleksandr, deira eigen står igjen i Warsawa. Men dei har fått bustad sentralt, og Yehor har allereie byrja på skulen ein kan sjå frå stoveglaset.

 Aleksandr (bak) ville først køyre til den polsk-ukrainske grensa for å hente familien, men det let seg ikkje gjennomføre. Når dei kom fram budde dei heime hos familien til Aleksandr i tre-fire veker.
Ikkje noko vatn

Men det har vore umuleg å finne roen, sjølv i rolege Hyllestad. Kvar dag har dei kontakt med foreldre, søsken og vener i Ukraina, og i ledige stunder er det vanskeleg å ikkje tenke på det som skjer i heimlandet.

– Det er ei humanitær katastrofe i Mykolaiv. Det er eitt røyr som fraktar vatn til byen, og det er øydelagd, fortel Aleksandr, og viser bilete av eit røyr som er sprengd sund.

– Det er ikkje mogleg å få vatn i byen lenger, og dei har byrja å frakte inn vatn i tankbilar, med lange køar kvar dag når folk kjem for å hente vatn.

Tenker på heimlandet
Han seier at det ikkje er nokon som har oversikt over kor mange som har reist frå Mykolaiv, og kor mange som er att, men ordføraren i byen har anslått at omlag 40 prosent av innbyggjarane har flykta.

– Kvar dag prøver vi å finne ut kva som skjer med vener og familie. Det er luftangrep kvar kveld og alarmen i byen går tre, fire, fem gongar om dagen. Heile tida tenker vi på Ukraina, og ser heile tida dårlege nyheiter frå landet. Det er heilt forferdeleg å tenke på, seier Kostyantyn.

Vil bidra i Norge
Framleis er det ein del igjen før dei kan byrje å leve eit normalt liv i Hyllestad. Nokre søknadar har blitt godkjende, nokre ventar dei framleis på svar på. Og endå fleire søknadar gjenstår.

– Vi vil byrje å jobbe så fort som mogleg, og byrje å bidra her i Norge. Og vi vil komme oss i aktivitet, for no går heile dagen med på å tenke på Ukraina, fortel Kostyantyn.

Aleksandr har oversett frå russisk til norsk heile kvelden, og ofte forklarar han kva Kostyantyn eller nokre av dei andre har sagt, og så legg han til sine eigne tankar eller fortel frå si side av historia.

Men ein setning overset han utan å legge til noko som helst, når Kostyantyn seier:

– Ein ting er å høyre om krig. Det er ein heilt anna ting å oppleve det.

Denne reportasjen var på trykk i Ytre Sogn første gong i 26. april 2022.