Lokalval i Fjaler og Hyllestad

Motstand mot vindkraft i valprogramma


Etter gjennomgang av valprogramma til partia i Fjaler kommune, er partia MDG, SV og Raudt imot vindkraft. MDG skriv at «Vindkraft på land har vi nok av i Fjaler.» og SV «seie nei til store inngrep som vindindustri i fjellheimen». Raudt er imot vindkraft både på fjellet og i sjøen. Av det vi kan sjå, nemner ikkje dei andre partia (Ap, Høgre, Sp og Venstre) vindkraft i sine program. Men, dei kan ha tatt standpunkt utan at det står i programma.

Den 17.06.2019 vedtok kommunestyret i Fjaler fylgjande: «(…) Kommunestyret vurderer at område som er foreslått i Fjaler kommune, ikkje er eigna til vindkraftutbygging og at det må takast ut av nasjonal ramme for vindkraft. (…)». Vedtaket var samrøystes. I tillegg vedtok dei å supplere uttalen med tema INON-område, friluftsliv, bulyst, beiteområde og fugle- og dyreliv. Vi er takksame for dette vedtaket, og heilt samde med kommunestyret. Areala er ikkje eigna til vindkraftutbygging. 

Vi nyttar høvet til å minne partia Ap, Høgre, Sp og Venstre på vedtaket frå 2019, fordi naturen er ei viktig sak. For nokon den viktigaste. To av tre veljarar seier at å ta vare på naturen er viktig for kva dei skal stemme på i lokalvalet. Dette kom fram i ei spørjeundersøking gjort av Opinion for WWF Verdens naturfond. MDG, SV og Raudt er imot vindkraft. Spørsmålet er om Ap, Høgre, Sp og Venstre har endra standpunktet sitt frå 2019, eller om dei berre har utelate saka i valprogrammet sitt? Å ikkje ta standpunkt er og eit standpunkt. 

Etter gjennomgang av valprogramma i Hyllestad, er Sp og Høgre imot vindkraft. Høgre skriv at «Hyllestad Høgre er i mot utbygging av vindmøller.». Sp skriv at «Hyllestad senterparti seier nei til at det vert bygd ut vindkraft i kommunen» og dei vil «arbeide for at kommunane skal ha avgjerdsmynde i vindkraftsaker». Ap er uklar sidan dei skriv at: «Vi vil ikkje prioritere vindkraft».

Den 05.09.2019 vedtok kommunestyret i Hyllestad fylgjande: «(…) Vi meiner at det ikkje kan byggjast vindkraftanlegg på land i Hyllestad (…) Vi krev difor at Hyllestad kommune sine areal i område 19 vert tekne ut av planen. Innan område 19 er det lite nedbygd natur med viktige og unike landskapsareal (…)». Vedtaket var samrøystes. Vi er takksame for dette vedtaket, og heilt samde med kommunestyret. Det kan ikkje byggjast vindkraftanlegg i Hyllestad. Sidan Hyllestad Ap er noko uklar, minner vi dei på vedtaket frå 2019. 

Sjølv om det ikkje er planar om vindkraftutbygging i Fjaler eller Hyllestad i dag, som vi veit om, kan det dukke opp i framtida. I Høyanger og Sunnfjord kommune vart vindkraftprosjektet på Snøheia og fjella rundt, gjort kjent rett før julaftan 2022. Ei eventuell utbygging av vindkraft i Høyanger og Sunnfjord kommune-fjella, kan føre til press for å bygge vindkraft i nabokommunane. Bruk stemmeretten på parti som er tydeleg imot vindkraft. Godt val!

Anne-Rita Aasen
Hyllestad

Trygve Solaas
Hyllestad

Liv Irene Systad
Hyllestad

Linn Hovlandsdal
Fjaler