Leiteaksjon natt til måndag - funne i god behald

Natt til måndag vart to personar meldt sakna, då dei ikkje kom tilbake frå sauesanking, melder Firda på sine nettsider.


Klokka 23:57 søndag kveld vart politiet kontakta etter at to personar som hadde vore på sausanking i Høyanger ikkje var komne tilbake.

Operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Knut Dahl-Michelsen, fortel Firda at dei pårørande var bekymra.

– Dei hadde vore ute heile dagen, og dei pårørande var bekymra. Personane hadde ikkje med seg mat eller klede til å vere ute heile natta.

Ikkje i naud
Ein politipatrulje rykte ut saman med tre personar frå Raude Kors, ein frå Norske Redningshunder, tre frå Norsk folkehjelp og eit redningshelikopter.

Frå Høyanger politistasjon får Ytre Sogn opplyst at aksjonen føregjekk i Høyangerfjellet nært Høyanger sentrum.

Etter nokre timar søk vart personane funne like før klokka 04.00 måndag morgon.

– Dei var uskadde og hadde berre blitt forsinka. Det var dårleg mobildekning og dei ante ikkje at dei var blitt meldt sakna. Dei var ikkje i naud, seier Dahl-Michelsen i Firda.