Aleksander Veum i Aleksander Mat og Mix tek med hjelp frå Gaute Ljotebø rykande ferske pizzahorn ut av omnen på Høyanger vidaregåande skule. Dei får straks bein å gå på, for dei tilsette ved skulen har fått smaken for pizzahorna som den unge entreprenøren kan tilby.

Alle vil smake pizza­horna til Aleksander

Aleksander Veum har funne oppskrifta på ei suksessfull ungdomsbedrift.


Aleksander er elev ved Høyanger vidaregåande skule, og han etablerte i fjor ungdomsbedrifta Aleksander Mat og Mix. Annankvar fredag fyrer han opp komfyren på skulen og serverer rykande ferske pizzahorn til ein sulten marknad.

– Det er på såkalla elevfrie fredagar at vi bakar pizzahorn. Då er kantina stengt, men dei tilsette på skulen er her, og dei pleier å vere bra sultne. Så når pizzahorna kjem ut av omnen rundt kl. 11 og lukta byrjar å spreie seg på skulen pleier det å renne inn med kundar til oss, fortel Gaute Ljotebø ved Høyanger vgs., som hjelper Aleksander med ungdomsbedrifta.

Aleksander Mat og Mix har spesialisert seg på pizzahorn, men bedrifta kan og finne på andre ting om innehavar Aleksander Veum får andre idéar.

Mykje læring
Å drive ungdomsbedrift er ikkje berre både innbringande og moro. Det er og mykje læring involvert.

– Vi har sjølvsagt sjølve matlaginga, og Aleksander er glad i lage mat, men det er og læring til dømes knytt til økonomi. Aleksander fører rekneskap og handlar inn nye varer med pengar som blir tent på pizzahornsalet. Korleis ting heng saman med utgifter og inntekter er nyttig kunnskap å ha også seinare i livet.

Men som for andre berekraftige bedrifter går ikkje alle pengane til Aleksander Mat og Mix til drift og innkjøp. Noko blir ståande att på botnlinja, og overskotet vil bli brukt på ein tur.

– Vi planlegg å ta oss ein dagstur ein stad, men når og kvar har vi ikkje landa på enda. Aleksander har og alt bestemt at han vil drive Aleksander Mat og Mix også til neste år, så det vil bli tatt ut fleire brett med pizzahorn og tent meir pengar også i 2025.

Økonomien er vel så viktig som matlaginga. Aleksander får god hjelp av «rekneskapsførar og manager» Gaute Ljotebø til det administrative.

Alle skal få
Etter endt sal fredag kunne Aleksander føre opp 720,- kroner i inntening i rekneskapen. Nytt av dagen var moglegheita for å betale med Vipps, men Aleksander Mat og Mix føretrekker kontantar sidan det er lettare å telje opp og handle med.

– Vi opererer med bestillingslister så vi veit sånn nokolunde kor mange pizzahorn vi skal lage til, men vi kastar ikkje akkurat ut kundar som ikkje har ført seg opp på lista. Det er alltid nokon som har gløymt matpakken sin, eller som får lyst på eit pizzahorn når nokon andre har kjøpt, og dei får sjølvsagt lov til å kjøpe dei også.