Det er ikkje første gong at Lavik – Oppedal er tidleg ute med innovasjon. Det var på dette sambandet at verdas første batterielektriske ferje med konvensjonell framdrift, MF Ampere (biletet), starta å gå i 2015.

Lavik –⁠ Oppedal kan peike ut kursen

Statens vegvesen ønskjer å leggje til rette for digitale og automatiserte løysingar i drifta av E39 Lavik - Oppedal, eit av 16 riksvegferjesamband etaten har ansvar for.


Effektiv bruk av ny teknologi er eit av Statens vegvesen sine toppmål.

– Vi har tradisjon for å nytte rolla vår som innkjøpar til å akselerere utviklinga for å nå måla som er sette for transportsektoren, til dømes innføring av nye energiberarar. Vi inviterer difor bransjen til dialogkonferanse om digitalisering og automatisering av ferjedrifta, seier prosjektleiar Joachim Rønnevik på ferjeavdelinga i Statens vegvesen i ei pressemelding.

Konferansen finn stad på Oslo Kongressenter 29. september, og er retta mot reiarlag, leverandørar og andre med interesse for den norske ferjemarknaden. 

Kan peike ut kursen
Statens vegvesen etterspør konkrete, aktuelle løysingar retta mot den neste store ferjeanskaffinga på riksvegsambanda, nemleg Lavik – Oppedal på E39, der dagens kontrakt går ut 31. desember 2024. Kontrakten har opsjon på forlenging med inntil eitt år.

Løysingane her vil kunna bidra til å navigere kursen for vidare digitalisering og automatisering i komande kontraktsutlysingar på riksvegferjesambanda.

– For oss er det viktig å få svar på kva innovasjon marknaden uansett har planar om å levera. Og kva det er som føreset at vi som innkjøpar må tilretteleggja, held Rønnevik fram. 

Nytte til lågare pris
Nytta skal opp og kostnaden ned, er ein del av Statens vegvesen sin framtidige strategi for ferjedrift.a

– Kan bruk av data og ny teknologi bidra til sambanda kan driftast på nye måtar – til dømes som eit system av ferjer, og ikkje fleire enkeltferjer som alle er utrusta som om dei går åleine på fjorden? Smartare bruk av data og ny teknologi gjer at vi kan hente ut effekt, samtidig som vi må kunne dokumentere at ny teknologi er like trygg som dagens. Passasjertryggleiken skal varetakast, understrekar Rønnevik

Det er ikkje første gong at Lavik – Oppedal er tidleg ute med innovasjon. Det var på dette sambandet at verdas første batterielektriske ferje med konvensjonell framdrift, MF Ampere, starta å gå i 2015. Ho vart kåra til Ship of the year i 2014, ein heider ho delar med to andre ferjer på riksvegferjesamband: MF Glutra i 2000 (verdas første bilferje som vart driven med flytande naturgass – LNG) og MF Hydra i år (verdas første hydrogenferje).

Hva tenker du
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.