Kvinner har framleis mykje å kjempe for! Likeløn no!


Kvinner får framleis lågare løn enn menn. Dette er målt og dokumentert på ulike måtar.  «Kvinners lønn utgjorde i gjennomsnitt 87,6 prosent av menns lønn i 2022» (opplysning frå Statistisk sentralbyrå på nett). «I Norge i 2023 tjener kvinner fortsatt mindre enn 90 prosent av det menn tjener» (opplysning frå DNB på nett). 

LO opplyser at «Kvinners lønn som andel av menns målt med medianen er 95,5 pst, som er høyere enn målt ved gjennomsnittet», men legg til at «Vedvarende lønnsforskjeller mellom kvinner og menn i den enkelte virksomheten er likevel en del av utfordringsbildet for å oppnå full likestilling og økonomisk frihet for kvinner.» (representant-vedtak). Godt sagt, seier vi.

Raudt meiner at LO og fagforbunda må bruke si makt til å fjerne dette misforholdet mellom kvinner og menn. Vi har derfor i mange år hevda at det må etablerast ein likelønspott.

Vi har forstått det slik på Sjukepleiarforbundet at Danmark, med «AP-statsminister» Mette Fredriksen, har etablert ein pott på tre milliardar utanom sjølve lønsoppgjeret. Raudt meiner at slikt må til også i Noreg. Men kor står Jonas Gahr Støre? Og kva seier finansminister Slagsvold Vedum til å etablere ein likelønspott?

6 timars arbeidsdag 
«LO vil følgje opp planen for korleis ein kan gå vidare med arbeidstidsreduksjonar, irekna 6 timars arbeidsdag / 30 timars arbeidsveke», står det å lese i LO sitt handlingsprogram 2022-2025.

Også dette er eit viktig kvinnekrav fordi det med full lønskompensasjon, vil bety at fleire kvinner kan ha heiltid og dermed bl.a. få betre pensjonsopptening. Også for samfunnet, vil det bety ein stor vinst fordi ein slik arbeidsreduksjon vil gjere at fleire kan stå i jobb heilt fram til pensjonsalder. 

For ikkje mange åra sidan, var det bortimot full partipolitisk breidde i mål og krav om 6 timars arbeidsdag, til og med frå Høgre-kvinnene. Det er på tide å grave fram att kvinnesekretariatet i AP sitt strålande debattopplegg om 6-timarsdagen.

Når LO no ein gong har den programformuleringa som organisasjonen har, bør dette vere eit signal om at fleire parti enn Raudt og SV må gå tydelegare inn for 6 timars arbeidsdag.

Til kamp mot partnardrap
I følgje VG er det sidan år 2000 registrert 186 kvinner og 26 menn i saker der partnaren er sikta av politiet eller dømt i domstolen. Kjønnsforskjellen er tydeleg og viser partnardrap som det heilt ekstreme utrykket for at kvinner blir oppfatta som og behandla som mindre verdt enn menn. For å forhindre vald/drap som rettar seg mot kvinner, er ikkje fengselsstraff av mordaren einaste hinderet. Frå vogge til grav, i oppveksten og i arbeids-/samfunnslivet, må det skinne gjennom og etterlevast i praksis at kvinner har same verdi som menn.

Kvinnekampen handlar om alt dette og mykje meir!

Siv Anne Håheim, Hedda Andrine Skår Indrebø og Ingunn Kandal
Raudt Høyanger