Kva no Snøheia Industrikraft?


I Ytre Sogn fredag 20.10.2023 uttalar Hydro v/Ola Sæter seg om vindkraftprosjektet Snøheia Industrikraft, og at dette er eit prosjekt dei vil modne fram og presentere for kommunane med mål om å få starta ei konsesjonsbehandling av vindkraft i fjella mellom Høyanger og Sunnfjord. Liknande uttalar kom også frå direktør for fornybar energi i Eviny, Olav Osvoll, på arrangementet «Energien i lufta» av Høgskulen i Vestland, i Førde 26.09.2023. 

Vi har stor forståing for Hydro sin uro for den kraftkrevjande industrien i Norge. Straumprisane har kome på eit høgt europeisk nivå, og den tidlegare konkurransekrafta norsk industri hadde i lågare straumprisar har praktisk tala blåse vekk. Vi forstår også målet om å kunne fornye kraftavtalar til ein leveleg pris for industrien og eit ønske om vidare utvikling av industrien. Men ansvaret for høge straumprisar er med all respekt å melde verken Høyanger eller Sunnfjord kommune sitt. Og i alle fall ikkje naturen, fjella og bygdene sitt ansvar. Vi forventar difor at Hydro, som den samfunnsbyggande og nasjonale aktøren dei er, rettar ansvaret dit det høyrer heime. Nemleg hjå nasjonale myndigheiter som styrer den energipolitikken som har ført industrien inn i straumprisproblemet. Vi minner også om atkommunane Høyanger og Sunnfjord i 2022 hadde eit kraftoverskot (det same gjeld også Sogn og Fjordane) og at Hydro enno ikkje har vore konkrete på reelt auka kraftbehov i Høyanger, til kva tid og til kva type produksjon. 

Eviny ser det som si oppgåva å skaffe fram den energien som samfunnet etterspør. Det er vi glade for. Men vi håpar at Eviny då også kan ta inn over seg at folket ikkje etterspør vindkraft i fjella. I Sunnfjord – kommunen der gamle Sunnfjord Energi hadde sitt hovudkontor – og kor Osvoll har si fortid – er det tre gonger så mange folk som er mot vindkraft på Snøheia, som er for (ref. Firda si siste meiningsmåling før valet, presentert på valdebatt den 06.09.2023 i Førde). 

Folket sin vilje til å spare fjella og samfunnet for den skadelege vindkraftutbygginga, viste seg også i resultatet av kommunestyrevalet i 2023. Både i Høyanger og Sunnfjord kommune er fleirtalet av representantar i kommunestyra mot vindkraft. 

Uttalane frå Sæter og Osvoll reiser difor fleire spørsmål. Kva inneber det å modne fram prosjektet? Kva er det som skal endre folk si haldning til prosjektet? Kva er det som skal presenterast av nye faktorar i prosjektet? Kva er det som gjer at eit vindkraftverk som no (if. NVE) kostar over 40 øre/kWh å bygge og drive, og som i tillegg treng balansekraft oglinjenett, skal vere eigna til å levere straum til ein leveleg pris for samfunnet og industrien? 

Uttalane til Sæter og Osvoll tyder på at verken folk eller folkevalde i kommunane våre får fred frå vindkraftsaka med det første. Så lenge vindkraftutbyggjarane vel å sjå vekk frå folkefleirtalet sitt syn på vindkraft, og ikkje går vekk frå å rette eit urettmessig ansvar for høge straumprisar mot kommunane, vil vindkraftsaka ri lokalsamfunna våre som ei mare. Det endrar ikkje på at motstandskreftene i folk er sterke og stabile, og vindkrafta er uønskt. 

Vi meinar at kommunane våre, og industrien, hadde tent på å ta ein alternativ debatt enn den vindkrafta skapar, om korleis vi utviklar samfunnet og industrien vidare. Eit framhald av vindkraftdebatten vil vere meir til skade enn nytte, når det vi treng er å finne løysingar som både gagnar industrien, fjella og bygdene. 

Ingunn Kjelstad
Leiar Motvind Sunnfjord og Ytre Sogn