Nei til vindkraft på Snøheia


Eg har lese om Ola Sæter i Hydro som seier han skal få til industrielle økosystem. Reknar då med at Ola Sæter veit kva eit økosystem er. Begrepet er henta frå naturen, og er eit område med levande og ikkje-levande faktorar som påverkar kvarandre. Dei inngår i eit næringsnett, der ein art har betydning for ein annan. Ein kan med sikkerheit sei at eit vindkraftverk vil påverke det biologiske mangfaldet i eit økosystem. Artar vil forsvinne ettersom økosystemet deira blir endra.

Vi menneske er ein del av økosystema i høgste grad. Vi står faktisk midt oppi ein menneskeskapt masseutrydding, der verdas dyrebestander har stupt med gjennomsnittleg 69% sidan 1970, på grunn av menneskets handlingar. Ein av dei viktigaste årsakene til dette er endringar i områder der artane lever. Resultatet er at artane forsvinn heilt, eller at det blir ein kraftig nedgang i bestanden fordi areala dei har tilgjengeleg blir mindre eller dårlegare. I dag er kun 4% av alle levande organismar på jorda ville organismar. Resten er menneske og husdyr.

For å ta vare på jorda vår, må vi ta vare på naturen. Har Hydro rett til å øydelegge naturen og biologisk mangfald, kun for at dei skal ha økonomisk vinning i å selge straum og ha vidare vekst? Er det andre ting som er viktigare? Kva med bulyst, livskvalitet og folkehelse? Det mentale og opplevelsesmessige når vi ferdast i naturen? Det er kjekkare å gå i naturen kor det er eit yrande liv.

Eit ja til konsekvensutgreiing er å seie ja til ei årelang og irreversibel konsesjonsbehandling av eit vindkraftverk i NVE. Det er politikarane sitt ansvar å finne løysingar som gir minst mogleg skade. Løysingar som innbyggjarane kan leve med.

Hanne Thue