Måndag kunne vi lese at Hydro, Eviny, Zephyr & Fred Olsen Renewables (HEZ & FOR) trekker planinitiativet sitt for vindkraftindustri i Sunnfjords del av Snøheia og Høyangerfjella. Dette på grunn av at eit fleirtal av Sunnfjord-politikarane gav eit tydeleg NEI til Konsekvensutgreiing (KU).
Derfor må ein spørja seg «kva no Høyanger?»
Hydro påstår at Vindkraftindustri er nødvendig for å kunne satse vidare og utvikle Hydro Høyanger. Men arealet dei har sett seg ut saman med Eviny og Zephyr (HEZ) baserte seg også på landareal frå Sunnfjord kommune. Det arealet vert no kraftig redusert.
Men løysinga har kanskje Høyanger-politikarane som sa JA til KU allereie gitt dei.
For trass Kommunaldirektøren si innstilling sa fleirtalet i kommunestyret JA, ikkje berre til HEZ men og til FOR.
Det vil ikkje overraske meg om no HEZ & FOR samlar seg om arealet i Høyanger, og fortsett presset mot Høyanger samfunnet, leia av Hydro.
Kommunen har jo signalisert at Hydro er så viktig for oss at vi er villige til å gi frå oss den siste urørte naturen vår for dei svake (og tvilsame) lovnadane deira.
På trass av uttalelsen til Eivind Kallevik, at «Høyanger verk si framtid er ikkje avhengig av vindkraftverket. Det kan eg avkrefte her og no», har Hydro gått i stupen på industrisamfunnet og regelrett trua med Høyangers eksistens.
Mange vart nok svært letta og følte at «vinden blåste rett veg» når Hydro annonserte at dei skulle satse opp mot 450 millionar på Hydro Recycling og Grøn hydrogen.
Hydro Recycling er allereie i drift i delvis nye lokalar i Fundo-bygget og piloten til Hydrogen produksjonen er under oppføring. Med dette seier Hydro at dei viser vilje til satsing på Høyanger.
Men kva no Høyanger? Kva framtidsutsikter er det eigentleg vi får tilbake for å ofre fjella våre? Vi er alle einige om at aktiviteten i Fundobygget er kjærkommen, og arbeidsplassane det gir er heilt nødvendig for folketalet i kommunen. Men er det eigentleg nok?
Det vi veit er at folketalet på det jamne går ned. Barnekulla er for små til å kunne oppretthalde nødvendige tilbod som gode barnehage- , fritids- og skuletenester.
Høyanger Vidaregåande Skule har med nød og neppe igjen unngått nedlegging. Kultur og næringsliv har behovet for fleire kundar, meir kjøpekraft. Dette er viktige faktorar for Høyangers attraktivitet og vidare eksistens.
Det vi og veit er at vi har nok kraft for både å vidareføre, og utvikle Hydro. Men som dei sjølv seier; « det er nødvendig med gode kraftavtalar som sikrar dette». Vi veit og at Vindkraft aleine er for ustabilt til å kunne brukast som energikjelde for aluminiumsproduksjon.
Så kva då Høyanger? Skal vi ofre det eine som verkeleg gir bulyst og rekreasjon mellom fjella, naturen vår! I ein verden som skriker etter bevaring av urørt natur og naturmangfald. Skal dette for all framtid ofrast for halvsannheiter og glanspapir?
Hydro startar ein pilotutbygging til eit prosjekt dei sjølve gir opp før det eingong er i drift. Ein Recycling-installasjon som kan føre Hydro vidare inn i framtida, men ikkje større og viktigare enn at dei med suksess kan flytte og utvikle dette i større skala ved andre smelteverk.
For meg verkar det som at Hydro, i bestefall, ønsker å ha ei drift i Høyanger der dei kan, med minimal risiko, prøve og feile. Og vindkrafta kan dei selje til seg sjølv eller andre for å «pynte» på det Grøne regnskapet sitt. For utan investeringar som verkeleg skapar arbeidsplassar får ikkje Høyanger tilbake det dei verkeleg treng både nå og i framtida, fleire folk!
Hydro treng ikkje Vindkraft, Hydro treng kraftavtalar!
Høyanger treng ikkje Vindkraft, Høyanger treng ei framtid!
Ein storstilt utbygging av vindkraft i Høyangerfjella, eller rettare sagt, ein kvar utbygging i Høyangerfjella vil for alltid gjøre industrikommunen Høyanger om til Industriområde Høyanger. Eit industriområde osar ikkje akkurat bu-lyst.., vertfall ikkje for meg.
Tor Aleksander DaleHøyangerpatriot