Marius Jørgensen fortalde vitsar under standupshowet i Høyanger på fredag, og det var berre eitt av fleire kulturarrangement i og rundt Høyanger tettstad i førre veke. Den lokale kulturen lever, og er livskraftig.

Kulturhovudstaden Høyanger?


Det er midt på vinteren her i Høyanger. Alt er dødt, og det skjer absolutt ingenting. Vi ventar alle på lysare og varmare tider, så vi på ny kan karre oss opp frå sofaen og bevege oss forsiktig ut i samfunnet for å treffe folk, og oppleve ting saman, etter gammalt.

Denne skildring kunne ikkje vore lengre frå sanninga. Kulturlivet i Høyanger tettstad og omegn har fått ei oppblomstring i seinare tid som merkast, og den er det verdt å sette litt ekstra fokus på, og applaudere.

Det er klart at det har vore kulturelle arrangement her heile tida, men ein skal ikkje gå veldig mange år tilbake i tid før det kunne gå månadsvis mellom kvar gong ein kunne gå ut ein kveld og oppleve eit kulturelt innslag av eit visst omfang og på eit visst nivå i og rundt Høyanger tettstad. Særleg på denne tida av året, men no er det bortimot umogleg å få med seg alt som skjer, sjølv om ein skulle ha lyst til å rekke over alt. 

I løpet av veka som var (eg skriv denne teksten søndag 16. februar) har det vore konsert med høgt anerkjente Sigrid Moldestad på Berge, det har vore standup på Joss Pub, og det har vore premierefest på Høyanger kino. Du kan slenge på pubkveld med musikkquiz og bingo på Kyrkjebø og i same slengen, om du vil. Breidda er stor, nivået er høgt, og oppmøtet er godt. Kulturen lever, og er livskraftig.

Det blir snakka mykje om bu- og blilyst lokalt som ein av fleire viktige nøklar for å stogge og kanskje til og med snu ei negativ folketalsutvikling. Arbeidsplassar og rette typar husvære tilgjengeleg er to andre. Eit levande kulturliv med mange og varierte arrangement genererer massevis av bu- og blilyst, og gjer og noko med sjølvfølelsen og identiteten vår. Vi lever, rett og slett, ikkje berre eksisterer.

Det aller viktigaste vi gjer for å skape eit livskraftig Høyanger også i framtida er etter mitt syn å gi dei unge ein god oppvekst og ei sterk forankring til sin eigen heimstad. Vi må derfor tilrettelegge det vi kan for dei unge så dei trivst, men det er og viktig at mamma og pappa, og bestemor og bestefar, har det bra. Eg trur det har ein effekt, også på dei unge, når dei ser at mor og far kan gå ut ein kveld for å kose seg. Det vil nok prege deira vurdering av korleis det kan vere å sjølv bli buande her som vaksne om 10 - 15 år.

Det er med kulturarrangement som med det meste anna. Det er nokon som står bak, og dei brenn typisk litt ekstra for å skape lokal liv og røre. Det var Janne Elin Osland ved Larsgarden Tunhotell som sjølv tok kontakt med Sigrid Moldestad, fordi ho hadde så lyst til å arrangere ein konsert med folkemusikaren på det vesle tunhotellet sitt. Gjengen på Eides Hotel har fått mykje velfortent skryt for alt dei steller i stand, og den forseggjorte premiera på den siste Bridget Jones filmen i Høyanger hadde nok ikkje funne stad om ikkje einingsleiar Jeanette Walsvik hadde hatt eit personleg engasjement for å gjere ei kinoframsyning om til ein litt større happening. 

Det står alltid nokre eldsjeler bak alt som skjer. Nokre av dei er synlege, andre litt mindre synlege. I mitt hovud er folk som skapar lokale arbeidsplassar, og folk som skapar lokal kultur som genererer trivsel for andre, lokale heltar. Vi treng jobbar, og vi treng fritidstilbod. Dei som bidrar til dette fortener respekt og ein stor klapp på skuldra frå oss som er glade i lokalsamfunnet vårt, og som ønsker å sjå det utvikle seg positivt i åra som kjem. Bygdedyr og jantelov kan ta seg ein bolle.

Så ja takk til kultur, og tusen takk til både dei som skapar kultur, og dei som er med som publikum. Og så er det sjølvsagt sånn at kultur kan ta mange former, og at det er kulturell aktivitet i heile Høyanger kommune. Eg ser fram til Høyanger Bakgårdsultra, og til Høyangerdagane, som begge deler og er kultur. I slutten av månaden blir det maoling og suping med Helena Bremer «Huldri» Farsund i Bjordal, og plutseleg så er det aktivitetsdag i Lavik og Vaimamarknad igjen. Og innimellom alt dette er det eit vell av «kvardagskultur» i form av kor- og korpsøvingar og dansetimar og quizar og språkkaféar og kunstutstillingar og seminar og alt mogleg anna flott. 

Ein kan jo bli svimmel av mindre!

Stig Hovlandsdal Øvreås
Redaktør i Ytre Sogn og dagleg leiar i Tell Media