I tidlegare tider arrangerte KUL-koret på Kyrkjebø «Syng med oss» kveldar etter same lest som det populære TV-programmet, men det begynner å bli lenge sidan no. Koret, som har vore i vekst dei siste åra, og som no tel 35 aktive medlemmar frå heile Høyanger kommune, bestemte derfor at det no er på tide å igjen invitere heimbygda til ein musikalsk kveld der det også vil vere mogleg få seg ein kopp kaffi og litt å bite i.
– Det har i all hovudsak vore på julekonserten og under 17. mai-feiringa at vi har opptreddher heime på Kyrkjebø, arrangement som har sine tradisjonsrike rammer, så no hadde vil lyst til å lage til ei litt meir uformell samling, fortel leiar for KUL-koret, Sissel Tove Litzheim. 29. september blir det derfor allsong og sjølvsagt korsong på Kyrkjebø, og KUL-koret har også fått med seg Harald Dahlstrøm og Knut Henning Litsheim som gjestar. Spesiell gjest denne kvelden blir kulturskuleelev og stortalen Kalina Dabek på piano. Dirigent blir – som alltid i KUL-korsamanheng Sjoerd Tolsma.KUL-koret med leiar Sissel Tove Litzheim (midten) i spissen inviterer til ein kjekk kveld i heimbygda med musikk, kaker og kaffi 29. september.
KUL-koret inviterer bygda til musikalsk samling med noko attåt
KUL-koret tek fram igjen ein gamal tradisjon.