KUL-koret framførte mellom anna «Vi vandrar saman» der Knut Henning Litsheim var solist. Dette vart eit av fleire høgdepunkt under korkaféen.

Ein korkafé som freistar til gjentaking

KUL-koret sin korkafé vart ei suksessoppskrift med korsong, allsong, dyktige solistar og eit rikhaldig kakebord som ingrediensar.


Det vart trongt om plassen i Kyrkjebø samfunnshus søndag ettermiddag da KUL-koret inviterte til korkafé. Ikkje så rart kanskje sidan koret sjølv tel 35 aktive songarar, og med det utgjorde ein ikkje ubetydeleg del av publikum når dei ikkje sjølv underheldt med sin eigen song.

På høg tid

Noko av føremålet med arrangementet var å gjenskape tidlegare tiders musikalske samankomstar på Kyrkjebø med song både frå «proffane» i koret og frå publikum sjølv i form av allsong.

Det klarte KUL-koret med stor bravur, og det heile vart ein høgst triveleg ettermiddag.

– Det er på høg tid at vi viser heimbygda vår kva vi held på med også utanom julekonserten, var bodskapen til korleiar og konfransier Sissel Tove Litzheim da musikken skulle starte. 

Og Litzheim skal ha sin del av æra for at trivselsfaktoren vart høg på korkaféen. Hennar lune framtoning og gode humør skapte akkurat den rette atmosfæra for ein samankomst som dette.

Korleiar Sissel Tove Litzheim var kveldens konfransier.

Pianst Harald Dahlstrøm akkompagnerte allsongen.

Stadig betre

Litzheim har nok og spelt ei rolle i utviklinga som KUL-koret har hatt dei seinare åra. Innføring av ein litt strammare kustus under øvingane har gitt resultat, for koret blir berre betre og betre.

Ikkje absolutt alt på ettermiddagens repertoar sat som eit skot, og Litzheim la heller ikkje skjul på at ein del songar var ganske ferske for dei, men dei songane som koret hadde fått skikkeleg grep om vart framført på eit høgt musikalsk nivå.

Særleg «Vi vandrar saman» av Olav Stedje med Knut Henning Litsheim som solist vart nydeleg og klokkereint framført, men det var og fleire andre innslag der koret viste både god songteknikk og dynamikk.

Her må sjølvsagt også dirigent Sjoerd Tolsma nemnast. Han har dirigert KUL-koret i ei årrekke, og veit nok godt korleis han skal få dei finaste tonane ut av kormedlemmane. 

Både før og midtveis i programmet var det høve til å handle kaker og kaffi, og folk let seg ikkje be to gongar.

Dyktige gjestar

Alt nemnde Litsheim framførte også verk frå den svenske komponisten Carl Michael Bellman, som levde på 1700-talet, saman med pianist for kvelden, Harald Dahlstrøm. Det klarte ringrevane med glans, og publikum hadde ikkje rokke å bli ferdige med applausen før dei to hadde avtalt i kulissane at dette er noko dei skal gjere meir av.

Litsheim og Dahlstrøm imponerte med sitt samspel, men det var nok kulturskuleelev Kalina Dabek som fekk størst applaus under korkaféen. 

Stortalentet framførte tre stykke på piano, og måtte også spele det siste stykket – fransk can can kjent frå Moulin Rouge – som ekstranummer. Og det med taktfast klapping frå publikum som akkompagnement.

Stortalentet Kalina Dabek hausta nok størst applaus.