Vilde Thorbjørnsen (33) tykkjer at det har vore ei fin erfaring å bu vekke nokre år, men ho er glad for å vere tilbake i heimbygda saman med familien sin. Der har ho fått jobb som fysioterapeut ved Høyanger Akupunktur og Fysioterapi Klinikk, som ligg i toppetasjen på Meieribygget i sentrum av tettstaden.

Flytta tilbake til heimbygda for å begynne som fysioterapeut

Etter om lag 15 år i Oslo valde 33 år gamle Vilde Thorbjørnsen og familien å dra tilbake til heimbygda Høyanger der ho no har fått seg ny jobb som fysioterapeut.


– Da eg var ferdig med vidaregåande og reiste vidare til Oslo for å studere fysioterapi, var ikkje det å reise heim igjen etter fullført utdanning noko eg hadde i tankane. Men dette endra seg da eg og sambuaren min Jaran vart foreldre til vårt første barn Erle, som i dag er sju år. Da kjende vi begge at no hadde vi lyst til å flytte tilbake til Høyanger igjen, seier Vilde.

Ofte på flyttefot

Etter å ha søkt på jobb i heimstaden, utan hell, fortsette det unge paret livet sitt vidare på Strømmen. Der fekk Vilde jobb hos Strømmenklinikken, bustad vart kjøpt, og familien på tre vart etter kvart til fire, da vesle Isak kom til verda i 2020.

– Når det gjeld flytting så har vi gjort det ein del gongar. Eg budde først i ein liten studenthybel på Lambertseter, før turen gjekk vidare til ei leilegheit på Karlsrud der eg og Jaran budde saman. Den vart etter kvart bytta ut med ei større leilegheit på Gjelleråsen i Nittedal, før vi til slutt enda opp med å kjøpe eit stort hus med dobbel garasje på Strømmen i Lillestrøm, fortel Vilde og ler.

– Fordelen med å bu på større plassar er jo at ein stort sett har det meste der, sjølv om ein kanskje ikkje har tid til å bruke det så mykje. Men det som betyr enda meir, og som vi sakna etter at vi vart foreldre, er å ha familien i nærleiken som kan hjelpe til når vi trenger det. Og så er vi nok også litt heimekjære begge to. 

Ifølge Vilde tykkjer borna Erle (7) og Isak (4) at det er kjekt å flytte til Høyanger, der dei har besteforeldra i nærleiken og gå-avstand til både skule og barnehage. (Foto: Privat)

Hadde framtidsplanen klar

33-åringen studerte idrett ved Høgskulen i Nesna før ho gjekk i gong med fysioterapi-utdanninga ved OsloMet, der ho i tillegg også har teke ein mastergrad. Som ferdig utdanna fysioterapeut har Vilde jobba hos Strømmenklinikken AS og vore turnuskandidat for Vestby kommune, før ho til slutt fekk fast jobb på Tøyen Fysikalske Institutt. Der jobba ho fram til flyttedatoen var klar. 

– Bustaden som vi no held på å renovere kjøpte vi usett for 2-3 år sidan. I denne perioden har vi leigd ut bustaden, medan eg venta på at ei stilling skulle bli ledig ved Høyanger Akupunktur og Fysioterapi Klinikk. Eg var så heldig å få jobben, og er no tilsett ved klinikken i ei 60 prosent stilling. Eg er på jobb tre dagar i veka, noko som fungerer heilt fint no, men som eg håpar vil vere mogleg å auke til full stilling seinare, forklarar ho. 

Ho legg til at kapasiteten førebels ikkje er heilt sprengd, men at avtaleboka hennar allereie er i ferd med å fylle seg godt opp. 

Familien Thorbjørnsen/Vefring er ein aktiv familie. Her er borna Erle og Isak på sykkeltur med pappa Jaran. (Foto: Privat)

Innflyttingsklar til våren

Saman med sambuar Jaran Vefring, som opphavleg kjem frå Nessane, er småbarnsmora no i full sving med oppussingsarbeidet på det som skal bli familien sin nye heim.

– Vi starta for vel ein månad sidan og gjer det meste av jobben sjølv. Så det er ganske travle dagar. Eg håpar at huset skal stå ferdig til sommaren, men at bad, kjøken, stove og soverom er sånn nokolunde på plass til våren slik at vi kan flytte inn og gjere ferdig det resterande når vi har kome på plass. Vi bur midlertidig i ei lita leilegheit medan vi held på med oppussingsarbeidet, noko som til tider kan vere litt utfordrande. Så eg ser fram til å bli ferdig med huset og komme på plass i vår nye heim, seier ho og smiler.

Jobb er det viktigaste

På spørsmål om kva ho tenker må til for å få unge til å bli verande eller flytte tilbake til heimstaden ute i distrikta rundt om landet, svarar ho;

– Det viktigaste er at ein har moglegheit til å få seg jobb som ein er kvalifisert for, og ikkje berre må ta til takke med noko. Det er og viktig at det er ein attraktiv plass å bu, som har  ulike aktivitetstilbod for både små og store.

Vilde fortel om ein fin oppvekst i industristaden der ho heilt fram til ho flytta var svært aktiv som fotballspelar i fotballgruppa til IL Høyang. Og det var i åra på Høyanger vidaregåande skule at det oppstod søt musikk mellom ho og Jaran, og dei to vart eit par.

Medan Vilde har begynt i ny jobb som fysioterapeut på heimstaden, skal sambuar Jaran fortsette i jobben som fagingeniør hos Allnex AS i Lillestrøm.

– Så det vil bli eit par turar i månaden for han, der han reiser ned til fabrikken i Lillestrøm, fortel ho.