Sandra synst det har vore moro å jobbe på biblioteket så langt.
– Eg jobbar mest med å sortere bøker, og rydde i hyllene.
Det var første dagen til Sandra på jobb då vi kom og intervjua ho.
– Det kan av og til vere litt kjedeleg å sortere bøker, og eg trur ikkje eg ville jobba her som vaksen, men eg kunne kanskje hatt det som ein ekstrajobb når eg blir student.
På biblioteket kjem det mange innom, og Sandra må av og til hjelpe folk med ting dei lurar på.
– Vi må vere hyggelege, og prøve å hjelpe dei besøkende med det dei måtte trenge hjelp til. Kjempeflott
På biblioteket er Hege Ølmheim sjef. Ho synt det er kjempeflott at elevar får prøve seg ute i arbeid, og set pris på at nokre av dei ønskjer å jobbe på biblioteket.
– Eg synst det er kjekt at skuleelevane får moglegheit til å jobbe på ulike stadar. Og eg må sei at eg er veldig nøgd med desse flotte elevane eg har fått her.
Hege har vore sjef på Høyanger bibliotek i tre år. Før det jobba ho som avdelingsleiar på Høyanger skule. På Høyanger bibliotek kjem det folk innom i alle aldrar. Både barn, ungdomar, vaksene og eldre.
– Biblioteket er veldig populært blant ungdomar, men nokre av dei grisar med drikke og mat på dei nye møblane våre. Dei ryddar ikke opp etter seg heller, så det vil eg ha ein slutt på. Hege er veldig opptatt av at elevane som er innom dei skal gjere jobben sin sånn som dei skal, og er hyggelege mot alle som besøker biblioteket.
– Vi som jobbar her er til for brukarane til biblioteket, så det viktigaste vi gjer er å tilrettelegge for dei.
Under headeren «YS UNG» publiserer Ytre Sogn stoff av ungdom, for ungdom. Vi oppfordrar unge i Høyanger, Hyllestad og nordlige delar av Gulen om å ta kontakt med oss om dei ønskjer å produsere innhald til avisa. Dette kan vere ordinære artiklar, faste spalter, videoinnslag, kommentarar, fotoseriar, eller heilt andre ting. I «YS UNG» er det ungdomane sjølv som bestemmer!