Under ryddeaksjonen i Rysjedalsvika. Idar Førde Blom (f.v), Ann Sissel Austgulen, Gro Sissel Dale, Hildur Akse, Jan Arvid Støyva og Linnea Holsen Meier.

Kilo på kilo med plast i Hyllestad

På torsdag var totalt nærare tusen personar med på ryddeaksjonen «Rein Sognefjord». I Hyllestad møtte både frivillige, politikarar og kommunalt tilsette på aksjonen.


– Det er utruleg mykje rart vi finn i fjæra. Ser du ein liten plastbit og dreg i den, så kjem det plutseleg opp mykje meir. Og mykje av dette er så porøst at det smuldrar mellom fingrane, seier Linnea Holsen Meier, som er ansvarleg for ryddeaksjonen i Hyllestad kommune. Ho er nærings- og samfunnsutviklar i kommunen.

Viktig å registrere

I samband med stiftinga Framtidshavet sin aksjon «Rein Sognefjord» torsdag deltok kommunane  som soknar til Sognefjorden i ryddedugnaden. Det vart stilt med ryddeutstyr og plastposar, og alt avfallet vart registrert og levert i containarar.

– Vi veit at det er mange fleire enn oss som deltok her i Rysjedalsvika som ryddar i strandkanten. Det viktigaste framover blir at alle som gjer ein ryddejobb registrerer seg. Berre på den måten kan vi få oversikt på kor mykje avfall som finst, seier Holsen Meier i Hyllestad kommune.

Berre i området rundt ferjekaien i Rysjedalsvika vart det funne kilo på kilo med plastavfall.

Kilo på kilo

Berre i løpet av eit par timar torsdag kveld samla desse seks personane frå Hyllestad mellom 120 og 150 kilo med avfall i Rysjedalsvika.

– Det meste var plast, men vi fann også mykje anna rart mellom steinane. Her var det emballasje, strips, snusboksar, tau og diverse. Dessutan kan det sjå ut til at vi har oppdaga ei tidlegare «villfylling» kor det låg mellom anna strykejarn og anna skrot. Ingen tvil om at slike aksjonar har stor verdi, seier Holsen Meier om aktiviteten i Hyllestad.

Fiskebåten «Dag-Viggo» var også med og rydda i Kalsvika ved Leirvik. (Foto: Linnea Holsen Meier)

Kystvaktskipet «Tor» deltok også i ryddeaksjonen «Rein Sognefjord».

Fellesskap

Det er stiftelsen Framtidshavet som koordinerer aksjonen «Rein Sognefjord», og den er gjort på same lest som «Rein Hardangerfjord». Kommunane rundt Sognefjorden deltok i aksjonen, og totalt var nærare tusen personar med på aksjonen som går til 22. september, men som hadde aksjonsdag torsdag. Det var og fleire båtar med i ryddeaksjonen, mellom anna både kystvaktskipet «Tor» og fiskebåten «Dag-Viggo». 

Det er fleire organisasjonar som står bak aksjonen økonomisk, og under ei samling på Kviknes Hotell onsdag kveld stilte mellom anna Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Handelens Miljøfond, Miljødirektoratet og Sogn Friluftsråd for å orientere om sine prioriteringar. Og som tidlegare forsvarsminister,  no sjef i Fiskeridirektoraret, Frank Bakke-Jensen sa:

– Vi har som mål å ha verdas reinaste kyst i framtida.