Stigning i folketalet i Hyllestad - jamt i Høyanger

Kurva til folketalet i Hyllestad har peika nedover i fleire år, men i løpet av det siste året har det vore ei auke på 14 personar som bur i kommunen.


Det syner nye tal frå Statistisk Sentralbyrå.

I Høyanger har folketalet stått stille det siste halve året, men totalt det siste året er det ein nedgang på til saman 38 personar.

Ved utgangen av andre kvartal i år budde det 1 273 personar i Hyllestad, medan det i Høyanger budde 3 879 personar.

Mot trenden

Befolkningsstatistikken til Statistisk Sentralbyrå på kommunenivå går tilbake til 1997, og for Høyanger sin del finn ein ikkje eitt år med folkevekst i desse tala.

Flyktningesituasjonen, spesielt knytt til ukrainske og syriske flyktningar, spelar nok inn når både Høyanger og Hyllestad kan slå i bordet med tal som skil seg frå trenden frå dei siste åra.

Kommunedirektør i Høyanger, Ørjan Haram, er einig i at flyktningsituasjonen spelar inn på tala, men meiner at det framleis er gode nyheiter å ta med seg.

– Jamt er betre enn nedgang, for det er det som har vore trenden. Og det er det framtida handlar om, å behalde dei ein har, seier Haram.
Viktig integreringsjobb

I Høyanger har folketalet stått stille det siste halve året. – Jamt er betre enn nedgang, seier kommunedirektør Ørjan Haram.

Samtidig er det per juli 2024 ifølgje Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) ikkje busett meir enn 10 flyktningar i Høyanger kommune dette året. I 2023 var talet 36.

Haram seier at dei i kommunen ser ein tendens til at ukrainske flyktningar gjerne ønsker å flytte heim, og at det allereie er eksempel på dette. Samtidig er han oppteken av at dei som ønsker å bli skal bli godt integrerte og spele ei rolle i kommunen si framtid.

– Vi har ein viktig integreringsjobb å gjøre, både som samfunn, som enkeltpersonar, og som kommune.

Situasjonen er den same for Hyllestad kommune som i 2024 har busett 16 flyktningar. I 2023 busette dei 33 flyktningar.