12. september er det duka for ein «historisk ryddedugnad», når Framtidshavet arrangerer Rein Sognefjord. (Foto: Stiftelsen Framtidshavet)

Hyllestad og Høyanger med på Rein Sognefjord

Rein Sognefjord er i regi av Framtidshavet som tidlegare har rydda Hardangerfjorden - no står Sognefjorden for tur.


12. september er det duka for det arrangøren kallar ein «historisk ryddedugnad». Rein Sognefjord er ein ryddeaksjon der frivillige langs heile Sognefjorden skal rydde så mykje marin plastforsøpling som det går an på ein dag.

– Det er ein stor operasjon som krev at mange gode krefter samarbeider og trekker i same retning.

Aksjonen krev meir enn berre hender til å rydde med, og gjennom heimesidene kan innbyggjarar i både Høyanger og Hyllestad kommunar melde seg på, og ta ulike roller i aksjonen.

Dei som vil leie sin eigen ryddeaksjon kan melde seg som aksjonsleiarar, medan ein også treng områdekoordinatorar og frivillige ryddarar.

Gratis ryddeutstyr

I tillegg spør aksjonen etter dei som kan vere til hjelp med å transportere alt avfallet som blir samla inn.

Det er Framtidshavet som står bak aksjonen, og dei har tidlegare også hatt ein liknande opprydding i Hardangerfjorden. Rein Sognefjord er det nyaste prosjektet, og Rein Hardangerfjord blir også gjennomført veka etter.

Arrangøren stiller også meg gratis ryddeutstyr, og dei som vil vere med registrerer seg på Framtidshavet sine nettsider.

Etter at aksjonen er ferdig, registrerer alle som har vore meg kor mykje dei har rydda.