Karsten (86) gjekk på skule i Bispestova


– Det er eit heilt anna bygg no, seier Karsten Løland (86) og ser seg om i den nyrenoverte stova.

Han var nemleg blant dei som gjekk på skulen som var i Bispestova hausten 1939, før den nye vat teken i bruk ikkje langt unna.

– Eg hadde første skuledagen min den hausten, og då møtte eg opp her, seks år gamal. Eigentleg skulle eg ikkje byrje i 1.klasse før året etter, men eg grein meg til å byrje eit år tidlegare fordi fetteren min Norvald skulle det, humrar 86-åringen når vi treff han på opninga av Bispestova torsdag ettermiddag.

Til vanleg bur Karsten Løland og kona Marit i Lonevåg på Osterøy, men dei kom til bygda kvelden før nettopp fordi dei ville ha med seg opninga. Og han sette tydeleg pris på å vere tilbake i det som opp gjennom åra blant anna har vore brukt til skule. Sjølv hugsar han ikkje så mykje frå den tida ettersom han var så liten.

– Men så var vi her ikkje så lenge heller. Før jul same året stod den nye skulen ferdig, og då flytta vi bort dit. Men det ser eg, at det har blitt eit heilt anna bygg no. Det var til dømes ikkje flott tapet på veggane den gong, og møblane var langt enklare. Men slik var det jo i skulehus på den tida, seier Løland.

Les meir om opninga av Bispestova i Lavik i siste utgåva av Ytre Sogn!

Det var trangt om plassen i den vesle stova då Olav Hellebø i venneforeininga ønska velkommen.

Anita Nordheim klipper snora, medan Bjarne Hellebø og Laurens Brock held den.

Lavik